Dag: 10. august 2014

Påmelding avslutta. Seks lag i årets Skiftudal Open

Påmeldingsfristen har gått ut og seks lag har meldt seg på årets Skiftudal Open. Arrangøren takkar påmeldte lag for tilliten og skal gjera så godt dei kan for å få til ein kjekk dag på skuleplassen. Det ligg ann til å bli ei gruppe der alle møter alle før kampen om pokalane skjer seinare på …

Praktisk info om linedance-kurset

Laurdag 16. august blir det countrymusikk og meir eller mindre taktfaste steg å høyra frå Jøsneset skule! Me startar i gymsalen klokka 12 og held på til ca. kl 17. Det blir ein god matpause undervegs. Instruktør er Lisa Albrigtsen frå Huse på Jæren linedance-klubb. Kurset kostar kr 400,- for vaksne og kr 200,- for …

August-storm

 Laurdag 9. august vart det brått omvelte i sommarværet – då slo stormen til: raskt og kraftig. Første bolk kom tidleg ettermiddag – vindkast som m.a. medførte velt av fleire store trær som her på Fosså.  Foto: Ellen Mari Fosså  Det ruska godt om seg på Håvehammar òg denne dagen….berre sjå og høyr her: http://www.youtube.com/watch?v=bRpQi_f-h_0&feature=youtu.be …