Månad: august 2014

«Kalven» og «Kvigå»

Nå har kanoane i Fosstemmen fått namn: «Kalven» og «Kvigå» – inspirert av gapahuken som heiter «Kalvagaren». Det har vore namnekonkurranse på desse to kanoane – og vinnaren som foreslo desse koselege namna var CESILIE WÅLAND   Det var 25 personar som møtte opp på denne markeringa ved Fosstemmen søndag 31.august! Alle  fekk plass inne i …

12. SEPT INNSAMLING ROMANIA

12. sept 17.00 – 18.00 v/ Branngarasjen Jøsneset Inger Apeland frå Suldal skriv: Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, strikke-og sysaker, leiker – ja, alt mulig !  Pakk godt i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 40 pr stk.STOR TAKK TIL ALLE – Inge …

Gladmelding om barnehagen

Det har den siste tida òg vore usikkerheit om framtida til Jøsneset barnehage; dette fordi det nå er kun 3 barn igjen i barnehagen frå september. Foreldregruppa og Bygdarådet har arbeidd for at barnehagen må bestå ut barnehageåret 2014-2015.  Dette støtta Formannskapet, og dei vedtok òg at det skal vere to vaksne til stades i …

Gladmelding om fiber

Det har vore litt att og fram om fibernettutbygginga på Jøsneset, men etter eit konstruktivt møte mellom Hjelmeland kommune og LYSE idag + ein iherdig innsats frå Bygdarådet, går det nå mest FRAM Ordførar Trine Danielsen var med på arbeidsmøtet med LYSE og har deretter sendt ut følgjande pressemelding:   “Lyse og Hjelmeland kommune har …

Bli med på Dåp og Namnefest

Lyst på turfølge til Fosstemmen i morgon?(sjå plakat om «kano-dåp») Vi er noen som går frå Foss kl. 11.00. Kjekt om fleire blir med!» Les plakaten her

Smashing Hanne !!

Utan tvil så var det Hanne Sørvaag som var stjernå,  stjal heila showet og sjarmerte alle i senk på Jøsneset 23.august – Ho leverte ein flott, intim og varm konsert saman med sin glitrande gitarist Svein Olav Hyttebakk. Mørke skyer stod i kø rundt solbygda….men det må ha vore magi i Sørvaag sin sang, for …

Klar for ein smashing dag

  Me er klar !!! Fersk og flott grillmat tilberedt, kafèmat likeså, partytelta oppe, grillane på plass, pyntelyså hengt opp, scenen pynta, lydanlegget rigga, volleyballen rulle, bord og benkar på plass: Velkommen til SMASHING JØSNESET idag !! Ja, og SOLÅ ! ja – den kjem saman med Hanne Sørvaag, Morten Paulsen, deg og alle andre …

Smashing innslag på NRK lokalen

Høyr Sven Westersjø fortelje om Smashing Jøsneset og Hanne Sørvaag-konserten på NRK lokalradio i dag fredag 22.aug – innslaget var heilt på slutten i sendinga ca 14.55.

Les SULDALSPOSTEN

Klikk på bildet så får du det som står i nettugåva til Suldalsposten – men det står meir i papirutgåva – så løp og kjøp eller klikk HER

Kampoppsett Skiftudal Open 2014

Me er i rute, håpar at de er det same. Sjå kampoppsett nedanfor. Ta med dykk heiagjeng, vener, naboen og møt opp på skuleplassen kl 10:30 sharp! Kafè`en har mykje godt å by på, så hugs nok kontanter. Les oppsettet her

Gøy på Linedance !!

Lisa Albrigsten frå «Huset på Jæren» holdt eit kjempegøy linedancekurs på Jøsneset laurdag 16.aug. Både vaksne og barn, kvinner og menn deltok, og hadde det gøy. Dette var ein bit av «bulyst-vaffel-ideane» og var sosialt og kjekt, og god opplading for neste helgs store «event» her på Jøsneset. Her er litt frå øvinga før lunsj: …

Krøll på vegskilt

Nokon med litt for mykje «nevaklå» har hengt seg opp i det nye vegnamn-skiltet i Nesvik, og krølla det til….så nå ser det både slasje og stygt ut. Skjedde nok natt til lørdag.  Den med for mykje «nevaklå» kunne jo ha fiksa det att!! 

Smashing Jøsneset er klar

  Les om oss i STAVANGER AFTENBLAD

Morten Paulsen spelar til dans

http://www.youtube.com/watch?v=vlqGY-u92Dc Det er ikkje berre Hanne Sørvaag som kjem på besøk til «Smashing Jøsneset» lørd 23.aug. Frå Trøndelag får me besøk av musikar MORTEN PAULSEN, som spelar opp til dans litt seinare på kvelden. Han syng og spelar ulike instrument og har både eigne og andre sine låtar, litt «trønder-rock» og kan òg spele songar på …

Info frå Jøsneset Viltlag

 Det nærmar seg jakttid. Her er INFORMASJON FRÅ JØSNESET VILTLAG

Frukt og Laks

Festivalsjefen for Frukt- og Laks melder at det òg i år blir sett opp nattbåt etter festen på lørdagen til Nesvik kl 01.30. Bilettpris kr 50,-  Meir info finn du på NORSK FRUKT-og LAKSEFEST

Populær Gunlanut

Sommaren2014  har vore/er  «tursommaren» framfor nokon. Gunlanuten 829 moh har vore populært mål i sommar ! Vel, me konkurrerar ikkje akkurat med Preikestolen og Trolltunga i besøkstala; men til å vere her, er det godt besøk!  Mellom mars og august var det 230 besøkande på Gunlanuten ! Dette er då inkludert «Hardhausen», men likevel er …

Påmelding avslutta. Seks lag i årets Skiftudal Open

Påmeldingsfristen har gått ut og seks lag har meldt seg på årets Skiftudal Open. Arrangøren takkar påmeldte lag for tilliten og skal gjera så godt dei kan for å få til ein kjekk dag på skuleplassen. Det ligg ann til å bli ei gruppe der alle møter alle før kampen om pokalane skjer seinare på …

Praktisk info om linedance-kurset

Laurdag 16. august blir det countrymusikk og meir eller mindre taktfaste steg å høyra frå Jøsneset skule! Me startar i gymsalen klokka 12 og held på til ca. kl 17. Det blir ein god matpause undervegs. Instruktør er Lisa Albrigtsen frå Huse på Jæren linedance-klubb. Kurset kostar kr 400,- for vaksne og kr 200,- for …

August-storm

 Laurdag 9. august vart det brått omvelte i sommarværet – då slo stormen til: raskt og kraftig. Første bolk kom tidleg ettermiddag – vindkast som m.a. medførte velt av fleire store trær som her på Fosså.  Foto: Ellen Mari Fosså  Det ruska godt om seg på Håvehammar òg denne dagen….berre sjå og høyr her: http://www.youtube.com/watch?v=bRpQi_f-h_0&feature=youtu.be …