FOTOKONKURRANSE Min Jøsnessommar 2014

Ta fotoapparatet fatt og «skyt» laus – kanskje nettopp ditt bilde blir kåra til ÅRETS SOMMARFOTO FRÅ JØSNESET !!!

Me håpar jo på skyfri himmel, luftige svev og herlige badetemperaturar – slik som på dette bildet som vant vår fotokonkurransen i fjor.

celine dansar heim frå håvehammar

Men regnværsdagar og mørke skyer kan òg gi fine motiv.  Ta bilde av kva som helst; fiskefangsten, teltturen, terassekosen, godmaten, kosedyret, sommarantrekket…..ja, kva som helst så lenge det er relatert til JØSNESET og SOMMAR !!!

 

 

Jury for fotokonkurransen er Jøsneset Ungdomslag, som òg i år slår til med ein feiande flott fotorelatert premie til vinnaren !!! Send dine bilder til ungdomslaget@josneset.no – fram til 1.sept Smile. Alle bilder vil bli lagt ut her på nettsida, og me reknar med at fotograf har avklart publisering med ev personar på bildet.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.