Svein Hauge har ikkje berre gått på Jøsneset skule som elev, han er òg oppvaksen på skulebygget – der som nå barnehagen er! Han er dessutan son til Lærar Andreas Hauge – så Svein er karen som fekk «full dose» Jøsneset skule gjennom heile barndommen i etterkrigsåra.
Faren Andreas var heilt aleine som lærar på skulen i mange, mange år – så svært mange har minner frå hans «regjeringstid» . På avslutningsfesten kjem Svein og fortel om livet på skulehuset og om sitt barndoms rike !! Ja, og Svein får godt lag!!. Det er mange påmeldte til festen i alle generasjonar; så her vil nok alle møte nokon av sine jamnaldringar. Festkomiteen gjer sine siste førebuingar – og alle «gru-gledar» seg!! Me gjer vårt beste for at dette blir ein flott kveld!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.