Makrellen er her !!

Makrellsesongen er i full sving – og stor, feit, fin makrell blir pakka i isoporkassar for eksport på Skiftun Fiskemottak. Oddvar og Rasin er begge ivrige makrellfiskarar frå Jøsneset, og dei leverte tilsaman 4 tonn i dag. I tillegg var det leveranse frå andre lokale fiskarar og tilsaman blei det pakka 9 tonn denne nydelege maikvelden.  Det er eit heilt «apparat» som blir sett i verk når pakkinga pågår; Kåre Hansen er sentral i arbeidet og alle fiskarane sjølv deltar – i tillegg treng dei arbeidshjelp frå skuleungdom og andre i bygda. Triveleg har dei det, der utpå kaikanten på Skiftun !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.