Fibernett-utbygging

LYSE hadde denne veka eit ope folkemøte om utbygging av Fibernett på Jøsneset. Det var ca 40 personar som møtte opp, og mange av desse teikna seg på som framtidige Altibox-kundar. LYSE var nøgd med responsen på møtet, og vil nå desse tre vekenummer 20. 21 og 22 fortsetje salget ved å ta kontakt med dei som tidlegare har meldt ifrå om interesse. For dei av dykk som enda ikkje har fått meldt frå om interesse, kan ta kontakt på privatfiber@lyse.no

 LYSE har som mål å etablere fibernett opp til skule/barnehage-området ila 2014. Vidare håpar dei å få bygd ut privatnettet ila 2015 – dersom det blir nok oppslutning.

LYSE la fram følgjande pakketilbod for oss på Jøsneset:

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.