Desse tre spreke 7.klasse-elevane på Jøsneset skule skal saman halde den historiske 17.mai-talen 2014. Tania Yu Auglend, Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland er historiske fordi dei er tidenes siste avgangselevar frå Jøsneset skule, og historiske fordi de nok er tidenes yngste talarar her i bygda (12+12+13 år) og historiske fordi dei i år held sjølvaste Grunnlovsjubileums-talen. Dei unge talarane har synspunkt både på landet vårt, på 17.mai og på grunnlovsfeiringa…
Dei er stolte over landet vårt, og stolte av at nokon i 1814 faktisk gadd å lage ein grunnlov – istaden for å la det vere og vente at nokon andre skulle gjere det. Dei meiner dette kjem til å bli ein spesiell dag, sidan det er 200 år sidan 1814.
Det beste med 17.mai er GLEDA, og det å vere saman med familie og venner.
Dei fortel elles at det vanskelegaste med å lage 17-mai-talen var i det heile tatt å kome i gong. Dei samarbeidde heile tida, bortsett frå når de sat heime via its-learning.
Me på Jøsnessida var òg svært forvetne, og ba de tynt om de ikkje kunne røpe bittelittegrann om innhaldet i talen:
Men neida, der var talarane krystallklare: » Nei, me røper ingenting, de får heller møte opp å høyre sjølv»
Ok, folkens – me tek de på ordet: MØT OPP TIL FELLES 17.MAI-FEIRING PÅ JØSNESET, så får de høyre de alle tre.
På Jøsneset er altså BARNA i fokus for grunnlovsjubileumet – det lovar godt for framtida !
Lykke til – og gratulerar med GrunnlovsDagen !
Her finn du ÅRETS 17.MAI-PROGRAM
Foto: Ola Skiftun
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.