Deilig vår over bygda!! Akkurat nå blomstrar kusymra frodig oppunder Herefjellet – ta deg turen langs merka tursti frå Åsland til Håvehammar, så kan du nyte synet av massevis av den fine vårblomen; blanda med fioler, bekkeblom og siste rest av kvitveis. Eit syn !
Set deg ned i vårbakken og nyt våren.
Tips: ta turen enda høgare opp – følg Torkel sin skogsveg opp til Britatødne – der er det enda meir kusymre langs den bratte stien……og tepper av kvitveis !
Ja, forresten…er du først komt opp Britatødne, då er du snart på Gaukjen, så, ja… ta gjerne turen enda eit hakk lengre, til opne snaue Herefjellet, her ved Runda Tjødnå. Her er opp vegetasjonen låg, og det er tørt og fint å gå. Ta turen – Herefjellet ventar på deg !
Foto: Svanhild H Gbada.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.