Det var eit trist syn som møtte ungane då dei var innom skulen og barnehagen sin fine gapahuk etter helga.
Kledning på fleire vegger var riven ned, og som «brekkjern» hadde vandalane nytta bålrista som dermed var knekt og øydelagd. Den fine grinda som ungane sjølv har laga, var slengd ned ein skråning og øydelagd den og.
Styrar i barnehagen, Unni Fossaa, er veldig lei for det som har skjedd. – Det er ungane sjølv som har vore med å laga gapahuken, og det er dei det går utover, seier ho. – Dei ubodne gjestene blei observert, og me vil anmelda hærverket. Dei som står bak får likevel ein sjanse til å ta kontakt med oss og ordna opp først, legg Unni til.
Dei som har opplysningar i saka kan kontakta Unni eller Bygdarådet, bygdaradet@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.