Dag: 13. april 2014

«Mitt skuleminne»

Me jobbar med avslutningsfesten for Jøsneset skule som blir 13.juni, og ber om foto og videosnuttar med «mitt skuleminne». Her er to nydelege foto innsendt av Svein Hauge – me vil gjerne ha hjelp med namna på alle dei flotte småskulelevane med dei fantastiske strikkagensrane. Også på denne tida var kyrne på Bøen gode naboar …

Humorbattle med bygdene !!

På den opne «Facebookgruppa Humorbattle i bygdene» blir bygdene i Hjelmeland utfordra til å stille med eit humoristisk innslag på Samfunnshuset 30 august – og Hjelmelands mest humoristiske bygd skal kårast !!  Akkurat nå pågår påskerevy-øving på Jøsneset, så me skal ikkje stressa de med nye framtidige oppdrag; men her er iallefall både talenter og poenger …