Denne månaden er det to gamle svenske bygdegubbar som har underhalde damene i Lesesirkelen på Jøsneset. Boka «Rapsgubbene» var av den lette og humoristiske sjangeren, og slo ganske godt an blandt lesarane. Boka handlar om to eksentriske ungkars-brødre som bur på den stille svenske landsbygda – heilt til rare ting begynner å skje i den søvnige bygda…
Les Lesesirkel-damene sine meldingar av boka…..
«Humoristisk skildring av to ungkarar på landsbygda. Blei i godt humør då eg las ho. TERNINGKAST 5
«Lettlest, morsom» TERNINGKAST FIRE
«En historie som kunne vært sann; av misforståelser kan det blir gode historier, banale ting» TERNINGKAST FEM
«Lunt og underfundig humor. Karakterane blei levande» TERNINGKAST FIRE
«Lun fortelling fra bygda, men litt oppkonstruert handling og kjedelig språk» TERNINGKAST TO.
Bittelitt ulike meiningar blant dei som hadde lese boka av dei som møtte opp altså.
Neste bok i Lesesirkelen blir ein annan sjanger igjen:
«Og i mellom er der dører» av Terje Bjørnø Torgersen.
Forfattaren var frå Buøy og bror av Berit Torgersen Skiftun, men han døde i 2000, berre 48 år gammel. I følge Berit er sjangeren litt meir surrealistisk enn dei Lesesirkelen har hatt hittil – handlar litt om å vere på leit – og ei bok med ein djup undertone.
Handlinga er både frå England, Stavanger og….Tøtlandsvik…så dette kan bli spennande; og altså boka som er kjelde for debatt i neste Lesesirkel-treff i mai.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.