Send inn foto og film

 

Jøsneset skule si over 120 år lange historie går mot ein slutt – og denne hendinga blir markert med ein stor avslutningsfest fredag 13. juni 2014.

Me i festkomiteen ønskjer så mange som mogleg med røter til Jøsneset og/eller tilknytting til Jøsneset skule hjarteleg velkommen til festen. Me snekrar allereie på festprogrammet, og me skal sørgje for at det blir ein flott og verdig avslutning for den lange skuledrifta.

Me ønskjer oss òg foto frå skuletida, og gjerne ei videohelsing.

Det går nå ut eit skriv i alle postkassar i bygda der dette er nærare forklart.
Les skrivet HER

Set av datoen – møt opp og/eller delta med foto eller videohelsingar.

Med helsing 
Festkomiteen


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.