Odd Fosså blei på årsmøtet i Bygdarådet vald til ny leiar. Det nye styret har elles konstiutert seg slik: Sven Westersjø kasserar, Cesilie Wåland innkjøpsansvarleg, Unni Fossaa(ny) Trivselstoveansvarleg og Svanhild Hjorteland Gbada(ny) sekretær
Informasjon frå Bygdarådet vil bli lagt ut i venstremenyen «Lag/organisasjonar» – «Bygdarådet», sjå HER. Her finn de årsmelding 2013, årsmøtereferat frå årsmøtet 18.02.14 og styremøtereferat 05.03.14 + tidlegare dokument.
Styremøtereferat vil bli lagt ut her etter kvart møte. Ev skriv/uttalar o.l vil òg bli lagt ut på same stad, så godt det lar seg gjere.
Bygdarådet tek gjerne imot både ris og ros, innspel og kommentarar og gjerne tisp/idèar til nye og pågåande saker.
Ta kontakt med leiar Odd eller andre i styret, eller send ein mail til bygdaradet@josneset.no
Info om Trivelstova inkl kontaktinfo finn de òg i venstremenyen under «Trivselstova»
Kontaktinfo til dei enkelte styremedlemmer ligg i styremøtereferat 05.03.14.
Første arrangement i regi av Bygdarådet er «Den internasjonale Vaffeldagen» tirs 25 mars kl 18, sjå eigen artikkel.
Elles blei det på årsmøtet vedtatt at Bygdarådet fekk ansvar for å nedsette ein festkomitè for Avslutningsfest for Jøsneset skule. Dette er nå gjort og komiteen består av følgjande: Svanhild Hjorteland Gbada (Bygdarådet), Rasin Tjeltveit (rektor), Odd Fosså (Bygdarådet/foreldregruppa), Vebjørn Fosså(elevgruppa), Anne Auglend (SU/foreldregruppa), Ola Skiftun (lærargruppa), Silje Sværen(foreldregruppa).
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.