Dag: 8. mars 2014

20.gangs-bad

Full aktivitet i Kogekjellå òg denne laurdagen: 7 stk kasta seg uti ! Dette var 20.laurdag på rad ….så eit slags lite jubileum på sjølvaste kvinnedagen. Elva var stor og straumen strid etter dei store nedbørsmengdane og flaumen  dagen før; friskt og kjølig. Aktiviteten held fram; laurdagar kl 16.

Hva skjer a??

Skituristane inn Breiastølsdalen stussa nok fælt i dag: kva gjorde den fancy, blonde ordførardama i pinnsmalt skjørt i lag med den mystiske, skjeggete russisk-general-mafialignande fyren i pelslue??  Er de ute på testing av nytt OL-anlegg? Siste stunt innan dopingkontroll? Eller på jakt etter Kvikk-Lunsj…og brunost?  Men kvifor må ordførardama ha denne type body-guard? Og, uups….kva har skjedd …