Månad: mars 2014

To skirenn på gang!

Me har fått følgjande info frå Idrettslaget: Det er skirenn i Fjellbergskardet kl 18 i kveld onsdag 26.mars.  Påmelding snarast til meg på epost  hanswideroe@me.com. Dette rennet blir det andre karusellrennet Hjelmeland arrangerer. Suldal arrangerer sitt einaste karusellrenn på søndag 30.mars i Breiastøldalen kl 13. Her er meir informasjon om det. Velkomne til renn!  Venleg helsing: …

Bulystvafler på Vaffeldagen

På Jøsneset feira me Den Internasjonale Vaffeldagen 25.mars, og utvikla her oppskrifta på ei ekte «Bulystvaffel». Man tager : 1 stk Trivselstova + 45 stk Jøsnesbuar + et par koppar kaffe kvar + nysteikte vafler med rømme og syltetøy + tende stearinlys + kreativ prat rundt borda = Masse flotte bulystvafler (hjerter fylt med idèar) Det …

Festmiddag med Eldretreffen

På Jøsneset skule driv de denne vinteren på med å gjere ting for siste gong!  Mange fine tradisjonar går nå inn i historia, ein for ein. Ein av dei verkeleg trivelege tradisjonane skulen har drive med i fleire år nå,  er at skulebarna lagar til eit skikkeleg middagsmåltid og ber heile Eldretreffen inn til gjestebod. Dette skjer …

Send inn foto og film

  Jøsneset skule si over 120 år lange historie går mot ein slutt – og denne hendinga blir markert med ein stor avslutningsfest fredag 13. juni 2014. Me i festkomiteen ønskjer så mange som mogleg med røter til Jøsneset og/eller tilknytting til Jøsneset skule hjarteleg velkommen til festen. Me snekrar allereie på festprogrammet, og me …

Fruktdyrkar Jostein på NRK-lokalen

  Mandag 17.mars var fruktdyrkarane i Rogaland samla på ein av dei mest moderne frukthagane i landet; på fruktsafari til Ombo. På ferja på veg heim fekk NRK ein liten prat med Jostein Hjorteland, fruktdyrkar på Jøsneset og Eivind Lodèn fruktdyrkar frå Børøy. Høyr om deira utfordringar i innslaget her på NRK-Lokalen Radio.  

Info frå Bygdarådet

Odd Fosså blei på årsmøtet i Bygdarådet vald til ny leiar.  Det nye styret har elles konstiutert seg slik: Sven Westersjø kasserar, Cesilie Wåland innkjøpsansvarleg, Unni Fossaa(ny) Trivselstoveansvarleg og Svanhild Hjorteland Gbada(ny) sekretær   Informasjon frå Bygdarådet vil bli lagt ut i venstremenyen «Lag/organisasjonar» – «Bygdarådet», sjå HER. Her finn de årsmelding 2013, årsmøtereferat frå årsmøtet 18.02.14 …

Kom på kaffekos og drøs

CESILIE PÅ NAUSTE INVITERAR: «Kom på Nauste til kaffidrøs og litt sosialt treff kl17-19 kvar lørdag  Gratis kaffi og te for alle som kjem innom. Sett deg ned på terassen viss været tilater det eller inne i sittekroken. Alle er velkomne både barn voksne ungdommer reisende og dei som har lyst å ta ein liten …

Tysdag 25.mars kl 18 Trivselstova

Me inviterar heile bygda på vaffelkos, sjå heile plakaten HER

KRAFTTAK MOT KREFT

Førstkomande onsdag,12. mars, vil russen og andre elevar og lærarar på Strand videregående skule samle inn pengar til kreftsaka. Innsamlingsaksjonen «Krafttak mot kreft» engasjerar russ i hele landet.   Her på Jøsneset er det Jone Hjorteland som tar turen med bøsse frå hus til hus onsdag 12.mars  mellom kl.17.00 og 20.00. Mer om aksjonen kan du …

Hagekveld

NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG DAMEKVELD torsdag 27.mars kl 19:00 i trivselstova. Denne kvelden utvidar me damekvelden til å gjelde alle. Me har i samarbeid med Hjelmeland hagelaget ein felles hagekveld som me og har hatt tidlegare år. I år kjem ein frå BoGrønt Ebnes planteutsal i Ølen og vil fortelja oss mykje om stauder og buskar. …

Kjendisspekka JM

På sjølvaste kvinnedagen strøymde små og store Jøsnesbuar til Gullingen for å delta i det prestisjetunge Jøsnesmeisterskapet på ski, det første i sitt slag.  Det blei ein fartsfylt dag med banebrytande skiteknikkar, celebre gjester og kraftige røyksignal Etter høljande regn og flaum fredag, var det fantastisk å få ein dag med både snø og sol …

20.gangs-bad

Full aktivitet i Kogekjellå òg denne laurdagen: 7 stk kasta seg uti ! Dette var 20.laurdag på rad ….så eit slags lite jubileum på sjølvaste kvinnedagen. Elva var stor og straumen strid etter dei store nedbørsmengdane og flaumen  dagen før; friskt og kjølig. Aktiviteten held fram; laurdagar kl 16.

Hva skjer a??

Skituristane inn Breiastølsdalen stussa nok fælt i dag: kva gjorde den fancy, blonde ordførardama i pinnsmalt skjørt i lag med den mystiske, skjeggete russisk-general-mafialignande fyren i pelslue??  Er de ute på testing av nytt OL-anlegg? Siste stunt innan dopingkontroll? Eller på jakt etter Kvikk-Lunsj…og brunost?  Men kvifor må ordførardama ha denne type body-guard? Og, uups….kva har skjedd …

Ballkjole i bakken?

Under laurdagens Jøsnesmeisterskap på ski blir det også moro for dei «vaksne»! Finn fram ditt finaste, sprøaste eller styggaste skiantrekk og bli med på KOSTYMERENN!! Det blir premie til beste og verste antrekk – tek du utfordringa? Det blir ikkje kven som helst som deler ut premiane heller…..          

Jøsnesmeisterskap i ski

Breiastølsdalen Laurdag 8.mars  kl 12.00 – sjå plakat HER

Årsmøte Ungdomslaget

Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag laurdag 22 mars kl 17.00 i Trivselstova. Innkalling blir òg kjørt ut i postkassane. Styret JUL v/ leiar Jon Brandal

Det vårast i Kogekjellå

Laurdag1. mars blei ein orntlig vårlig dag….også i Kogekjellå! Vel, vatnet held framleis 4 kalde grader; kjem trass alt direkte frå Fosstemmen som enda ligg dekka med isflak (ifl Johan brukar vatnet ca 1,5 t frå Fosstemmen og ned i Kogekjellå). Men det var ein stille, solrik vårdag, og 8 badenymfer plaska uti den friske …