Månad: februar 2014

Godt frammøte på årsmøte Bygdarådet

Det var godt frammøte og mange tema til drøfting på  Bygdarådet sitt årsmøte sist veke, tirsdag 18 februar.  Medan marsipankaka sveiv rundt det store bordet og kaffekoppane blei tømt blei det gitt informasjon og det kom mange idèar for vidare arbeid for bygda framover.   Det var leiar Berit Hjorteland som òg leia møtet, og gjekk gjennom …

Frå sofaslitar til turelskar

Syns du det er eit ork å kome deg ut over dørstokken? Treng du inspirasjon til turglede og fysisk aktivitet? Møt nordsjøarbeidaren som fekk klar beskjed frå legen om å ta ansvar for eiga helse. Han tok grep og gjekk  «frå sofaslitar til turelskar». Spinneriet torsdag 20.feb kl 19.30. Her finn du PLAKATEN

Hugs gå-og joggegruppe

Minner om gå-og joggegruppe TORSDAGSKVELDAR Kl 19.00. Joda, det stemmer: det er vått og det er surt, og det fristar kanskje meir å sitje inne? Men tenk heller at det er også friskt og mildt, og kveldane BLIR faktisk lysare!!  – så ingen grunn til å sitje inne å vente på godværet.   Rett antrekk i kveld; …

MaryKay i Trivselstova

  Hei! Onsdag 19 feb(neste onsdag) kjem konsulenten for Mary Kay og viser oss produkter for hud/hår/negler og make up i Trivselståvå kl.19. 00. Det er mulighet for å kjøpe/bestille varer og du kan få goe tips og råd om pleie av huden.  Kom også gjerne bare for ein kaffikopp og litt drøs sosialt  Hilsen …

Bading i skarp konkurranse med Bjørndalen

Joda, badetidspunktet var i sterk konkurranse med Bjørndalens stjerneløp i OL denne laurdagen. Me bøyer oss i støvet og gratulerar den karen. Men badinga i Kogekjellå blei gjennomført denne laurdagen òg – kun 3 baderar, men forholda var nærast vårlege – kun sur vind og lett yr, men isfritt og friskt i vatnet. Så, joda Hanne Sørvaag….me …

God debatt om islandsk sauebonde

 Her er den vesle boka om den gamle sauebonden, som skapte både lang og god debatt i Lesesirkelen denne veka. Boka «Svar på brev frå Helga» handlar om den 90 år gamle sauebonden frå den islandske landbygda som endeleg «mannar seg opp» og svarar på brevet frå elskerinna Helga.     Boka handlar om den …

Ja, me vil ha lys og liv i husa !

Lokalavisa Strandbuen hadde fredag ein artikkel om Jøsneset Bygdaråd sitt engasjement kring dette.  Bygdarådet etterlyser m.a. meir meir politisk støtte frå kommunen i sitt bygdeutviklingsarbeid. For dykk som ikkje har papirutgåva; nedanfor finn de artikkelen. Her finn du FORSIDA og her finn du ARTIKKELEN

Årsmøte i Bygdarådet

Etter eit hektisk år går Jøsneset bygdaråd inn for landing med årsmøte tirsdag 18.februar klokka 19:00 i Trivselsstova. Sakslista bugnar av viktige saker, så me utfordrer deg  til å møte! Her kan du lesa Bygdarådet si årsmelding, og heile innkallinga til årsmøtet finn du her. Velkommen!!                  

Basar og Årsmøte for Helselaget

                                                                                        BASAR OG ÅRSMØTE FOR JØSNESET HELSELAG. TYSDAG 4.MARS KL 19:00 I …

Ei gladmelding

http://www.youtube.com/watch?v=H6-TsOq4K-E    

Ei gladmelding til alle !!!

Me unne oss denne gladmeldinga nok ein gong….mens badinga går sin gang, og me ventar på sommarn…og Hanne!  http://www.youtube.com/watch?v=H6-TsOq4K-E Set av 23.august – det blir ein kanondag med denne flotte dama i spissen ! Arr: Bulystgruppa/kulturkontoret

Skikarusell-info

Det er tid for vinterens eventyr: skikarusell på Gullingen, MEN, snøen manglar framleis: så første renn er utsett ei veke til 10.februar.Følg med på nettsida til SULDAL IDRETTSLAG ! 

Finfin skeisdag på Fosstemmen

Det blei ein finfin skeisedag på Fosstemmen søndag 2 februar. På  såpass kort varsel som ei lita notis på nettsida kvelden før, var det flott at over 20 stk møtte opp på den blanke, litt våte isen. Mildværet kom med søndagsmorgengryet, og derfor var det våte pyttar på isen – men ingen hindring!  Har du …

Nytt kolonnebad – 1 grad

Med hjelp av desse to små uskarpe øyeblikksbildå  kan dokke nå tippa om dagens baderar og dagens fotograf syns det var kaldt i Kogekjellå i dag?? I dag var det Ingeborg som tok ansvar, og drog til med sleggå og kakka akkurat stort nok hol i isen for at ein og ein badar kunne få vekas …

Skeising på Fosstemmen

Nettsida fekk følgjande SMS-melding ikveld:  «Skeisedag på Fosstemmen søndag 2.feb. Oppmøte fra kl 13. Vegen er open og folk kan kjøre heilt opp. Benytt sjansen før mildværet kjem» Brannvesenet presiserar : ikkje gjer opp ild !!