Dag: 29. januar 2014

Husk gå- og joggegruppe torsdagar

Husk gå- og joggegruppe TORSDAGAR kl 19.00, Skiftukrossen. Torsdag 30. januar er det òg damekveld i Trivselstova kl 20.00 – så alle damer: då rekk dokke akkurat ein fin, frisk gåtur først.

Bra oppmøte på volleyball

Oppmøtet på volleyballen har stort sett halde seg stabilt gjennom vinteren. På siste trening onsdag kveld var det veldig bra: 6 stk på kvart lag!! Også denne kvelden blei det «gamlingane» (+ ein innleigd) mot ungdommane – alltid spennande: stor innsats på begge sider. Så møt opp vidare utover vinteren folkens !! Nye spelarar er òg velkomne …

Bøksekleiv, Tronja, Bastovdalen, Trikanten…..

…..Rauetødne, Busteidn, Revastien, Presthammarflådå ….ja, alt dette og mykje, mykje meir er lokale stadnamn på Jøsneset. Bildet ovanfor viser døme på eit kart med namnelister som me har mottatt.  Me har digitalisert inn mange kartlagde namn, og mange fleire namn fekk me inn på samlinga onsdag denne veka. Det var ein ivrig og kunnskapsrik gjeng som var samla i …