«Kolonnebading» i Kjellå

Stengde vegar, innstilte ferjer og kolonnekjøring pga uvær og storm laurdag 26 januar. Stormen rasa og sjøsprøyten stod i høgaste veret uti Ombofjorden. Også på Jøsneset blei det kolonnekjøring denne laurdagen…..eller skal me heller kalla det «kolonnebading». Isforholda i Kogekjellå medførte at det berre var plass til ein badar om gongen – og når 11 stk stod i kø – ja, då måtte det innførast kolonne-prinsipp òg her. Og enkelte såg ut til å nyta det !!!Surprised


Johan trippa utpå isen oppå ein planke med badekåpa, vintersko og øksWink ..i seg sjølv; eit syn!!  Han hakka og hakka i den 2-3-4 cm tjukke isen (tjukkare flak jo lengre ut i kulpen ein kom) – han hogga ut ein passasje ut mot «hoppesteinen»….medan lettare småtrippande badegjester stod i kø på land.


Sånn…. ein passeleg smal passasje i isen ut mot djupnå midt i kulpen


Johan blei nok varm av all hogginga, for deretter heiv han badekåpa og plupsa uti – inn mellom isflaka !!

 


Også Silje ser beint ut til å nyta det !!! Hmmmmm….

 


Tanja frå Tonå.

Etterkvart blei isflaka knust og kasta vekk, og råket blei større og det blei litt bedre plass. Men likevel, denne gongen var det ein og ein om gongen, heilt til alle 11 hadde fått friska seg for helga !!  Vanntemperatur; 1 grad. På land: isande kald vind.

Igjen var det Fossdalsbuen og Skiftudalsbuen som toppa lista – MEN : nytt for denne gongen var ei nykommar badegjest frå sørsiå !!! Wow !! Kjekt med badebesøk !

Om isinga skulle auka på utover veka, og Kogekjellå frys att igjen – må ein vurdere om det skal iverksetjast klima-flyktning-tiltak til Skiftustranda neste laurdag??? Følg med på værmeldinga.

 

 

 

 

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.