8 reflekskledde friskusar av begge kjønn med god alderspredning møtte torsdagskveld sist veke opp til gå-og joggegruppe. Som eit lite under var himmelen stjerneklar og kvelden stille – ein flott kveld for utandørsaktivitet. Nokon ville gå ein tur, andre hadde lyst å jogge; gruppa delte seg i to, og alle gjorde det de ville. Det var ingen «ville protestar» på ukedag og møtetidspunkt TORSDAGSKVELDAR KL 19 på SKIFTUKROSSEN, så då satsar me vidare på det framover! Møt opp – det vil nok variere kven som møter og kva dei enkelt vil, men har du lyst på lag og trim, så kan dette vere ein aktuell møtestad/tid framover! Sjå elles invitasjon til BANKETT OG STAFETT nedanfor – ein gylden anledning til å kome i god form i lag med andre. Inntil vidare kjører me på med dette enkle,uorganiserte gå/joggegruppe-opplegget, så kan det nok bli meir utfordringar etterkvartfølg med
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.