Skal me la oss inspirere??


Foto: Aftenbladet

Felles GÅ- eller JOGGE- gruppe ??

Kun 1/5 av vaksne folk i Norge følgjer helsemyndigheitene sine råd om minst 30 minutt fysisk aktiviet til dagen: det er jo for-gale, for 30 minutt er ikkje lenge !! Og inaktivitet er i ferd med å bli eit samfunnsproblem…..Gjeld kanskje ikkje oss hardhausane på Jøsneset, trur me ?…… eller ??

Media er flinke til å gje oss inspirasjon.  Spesielt i nyttårstider.
NRK-Rogland lokalen prata i radioen i går om 5 ting som lykkeforskerar meiner gjer oss lykkelege:
1 lære nye ting
2 knytte band til andre menneske
3 fysisk aktivitet
4 vere til stades i kvardagen din og
5 gode gjerningar.

Aftenbladet òg – dei inspirerer nå med KONDIS-prosjektet sitt, og skriv om løpegrupper i Stavanger, og kven har ikkje hørt om dei fantastiske Tjukkas-gjengane rundt om i landet, som tilsaman nå er blitt 20 000.

Kanskje me skulle re-starte ei  gå-eller joggegruppe på Jøsneset?… så kan me på 1-2-3 oppnå mesteparten av lykke-punkta ovanfor Smileog samtidig bli i god form.  Mange meiner det er lettare, meir inspirerande og mykje,mykje  kjekkare å vere fysisk aktiv ilag med andre !!

Skal me prøve allereie Torsdag 9.januar kl 19.00 – oppmøte Skiftukrossen – så kan tid og stad ev endrast etter som det passar for dei har lyst å vere med. Og så kan dei som møter opp for kvar gong bli enige om gåing eller jogging  – ambisjonsnivå, og kor og kor langt ferda skal gå !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.