Lesesirkelen

Som tidlegare annonsert her på nettsida vår, har me nå starta ein LESESIRKEL på Jøsneset som nå består av 10 stk. Første bok er lest og første samling avhalden. Gruppa fant ut at ein kan legge ut nokre synspunkt om bøkene som blir lest, til eventuell inspirasjon til andre.

Første bok ut var «Det vi står for« av Geir Lippestad – forsvarsadvokaten til terrortiltalte Anders Behring Breivik.

Omtale av boka finn de HER, og nedanfor kjem litt av synspunkta frå Lesesirkelen:

Dette er ei svært aktuell dokumentarbok om prosessen kring ein av Norgeshistorias vanskelegaste rettsaker. Boka til Lippestad og innhaldet i denne skapte god/lang debatt og mange synspunkt i Lesesirkelen – dette er nok eit tema som ingen i Norge har vore eller er likegyldige til.

Her er nokre av kommentarene frå medlemmer i Lesesirkelen:

«Interessant»
«Tankevekkande»
«Verdifull og viktig»
«Godt om viktige mellommenneskelege forhold»
«Klarer å få fram bodskapen om kva utfordringar han stod ovanfor som forsvarsadvokat»
«Lettlest, tankevekkande, fokus på gode verdiar og kontrastar!

Mange sa at de ikkje hadde kome til å kjøpt eller lest boka om de ikkje hadde fått den «servert» i Lesesirkelen, men uttrykte likevel at de var glade for å ha lese den. Så Lesesirkelen anbefaler boka.

 

 

Neste bok som nå skal lesast er ei heilt anna: «Svar på brev frå Helga» av den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson. Når boka er lest og diskutert, vil det bli lagt ut tilsvarande kommentarer om den òg.

  


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.