Månad: januar 2014

Husk gå- og joggegruppe torsdagar

Husk gå- og joggegruppe TORSDAGAR kl 19.00, Skiftukrossen. Torsdag 30. januar er det òg damekveld i Trivselstova kl 20.00 – så alle damer: då rekk dokke akkurat ein fin, frisk gåtur først.

Bra oppmøte på volleyball

Oppmøtet på volleyballen har stort sett halde seg stabilt gjennom vinteren. På siste trening onsdag kveld var det veldig bra: 6 stk på kvart lag!! Også denne kvelden blei det «gamlingane» (+ ein innleigd) mot ungdommane – alltid spennande: stor innsats på begge sider. Så møt opp vidare utover vinteren folkens !! Nye spelarar er òg velkomne …

Bøksekleiv, Tronja, Bastovdalen, Trikanten…..

…..Rauetødne, Busteidn, Revastien, Presthammarflådå ….ja, alt dette og mykje, mykje meir er lokale stadnamn på Jøsneset. Bildet ovanfor viser døme på eit kart med namnelister som me har mottatt.  Me har digitalisert inn mange kartlagde namn, og mange fleire namn fekk me inn på samlinga onsdag denne veka. Det var ein ivrig og kunnskapsrik gjeng som var samla i …

Ferje til Ombo innstilt

NORLED melder at Ombo-turane utgår i kveld mandag 27.januar grunna uvær, sjå DRIFTSMELDINGAR NORLED.  

«Kolonnebading» i Kjellå

Stengde vegar, innstilte ferjer og kolonnekjøring pga uvær og storm laurdag 26 januar. Stormen rasa og sjøsprøyten stod i høgaste veret uti Ombofjorden. Også på Jøsneset blei det kolonnekjøring denne laurdagen…..eller skal me heller kalla det «kolonnebading». Isforholda i Kogekjellå medførte at det berre var plass til ein badar om gongen – og når 11 stk …

Helselaget informerar

Torsdag 30 januar kl 20:00 startar me opp att med damekveld. Alle er hjertelig velkomne til eit uformelt sosialt lag i trivselstova.  Dei neste damekveldane er; 27. Februar, 27. Mars og 24. April ( I april blir det kanskje tema for kvelden). Helselaget arrangerer årsmøte 4. Mars 2014. Meir info kjem seinare. Huga å set …

Jøsnesdame på TV-Vest

TV Vest har ein flott programserie som heiter RYFYLKEVEGEN – ein serie som tar for seg ulike folk og stader langs vegen. I program 5 kom de innom Sand – og der møtte de Paula Foss – innehavar av kafeen og puben » Kjedlaren «. Paula er busett med familien i Knutsvik koseleg innslag som du finn ved …

Langtur-kveld

Hjelmeland Turlag har klart TURPROGRAMMET 2014 (deriblandt tur til Herefjellet). Men Turlaget startar året med ein innandørskveld og ein laaaangtur:  

1,5 grad – klar for bad

 Kristiane Westersjø – som nå har bada kvar lørdag sidan okotober – sjekkar forholda for dagens bad: 1,5 grad i elva, omtrent det same på land, sur austavind og litt isflak i kantane på «bassenget» . Ingenting av dette hindra verken Kristiane eller 5 andre hardhausar å hoppe uti: Livet går altså sin vandte gang på …

Badinga går sin gang….

Auståvind, storm, snøføyk, regn og rusk….,ja, du trudde kanskje badelivet var parkert. Ånei då – siste to lørdagane har det – trass i det sure dritværet, vore jamnt og godt frammøte, ca 10 stk første lørdag i januar og 11 stk sist lørdag; det er hopping, dykking og svømming i Kogekjellå……så òg i morgon….me satsar …

Ny pris til Mikal Laks

På opninga av Norges stand på Grûne Woche i Berlin fekk Mikal Laks overrakt prisen  «Spesialitet Unik Smak» av landbruksminister Sylvi Listhaug.» Kvalitet i alle ledd gjør at norsk sjømat står så sterkt og verdsettes over hele verden for sin unike smak. Mikal Laks er en utmerket representant for dette» uttalar direktør i Matmerk Nina …

Stadnamntreff 28.januar

Me inviterar til nytt STADNAMNTREFF I TRIVSELSTOVA TIRSDAG 28.januar kl 19.00 Me har alt fått inn nokre kart med påteikna lokale stadnamn; m.a frå Nevik, Fosså og langs sjøen rundt Jøsneset.  Her var det mange artige namn, og svært lokalt. Desse namna har me fått lagt inn i kartbasen. For dei som fekk utdelt kart etter førre …

Volleyballtrening

Minner om volleyballtrening kvar onsdag kl 20.00 i gymsalen

Vil du bli med på revy?

Dei siste åra har det vore tradisjon med påskefest og revy på påskeafta på Jøsneset. For å kunna videraføra denne tradisjonen, treng med fleire som kan vera med å snekra saman ein ny revy. Me treng både tips og idear til innhald, scenearbeidar og ikkje minst aktørar.  Har du lyst å vera med?  Ta kontakt …

Klar for BANKETT ?

Les invitasjonen HER 

Torsdagskveldar: gå-og joggegruppe

8 reflekskledde friskusar av begge kjønn med god alderspredning møtte torsdagskveld sist veke opp til gå-og joggegruppe. Som eit lite under var himmelen stjerneklar og kvelden stille – ein flott kveld for utandørsaktivitet. Nokon ville gå ein tur, andre hadde lyst å jogge; gruppa delte seg i to, og alle gjorde det de ville. Det var ingen «ville …

Skal me la oss inspirere??

Foto: Aftenbladet Felles GÅ- eller JOGGE- gruppe ?? Kun 1/5 av vaksne folk i Norge følgjer helsemyndigheitene sine råd om minst 30 minutt fysisk aktiviet til dagen: det er jo for-gale, for 30 minutt er ikkje lenge !! Og inaktivitet er i ferd med å bli eit samfunnsproblem…..Gjeld kanskje ikkje oss hardhausane på Jøsneset, trur …

God hjortejaktsesong 2013

Jøsneset Viltlag har nå avlevert sin fellingsrapport for hjortejakta 2013. Denne viser at det felt totalt 45 dyr på Jøsneset denne sesongen, og det stemmer godt med avskytingsplanen som la opp til 50 felte dyr (det kunne vært tatt 5 hjortekalvar til etter planen).                       Fordelinga på dyra var slik:

Lesesirkelen

Som tidlegare annonsert her på nettsida vår, har me nå starta ein LESESIRKEL på Jøsneset som nå består av 10 stk. Første bok er lest og første samling avhalden. Gruppa fant ut at ein kan legge ut nokre synspunkt om bøkene som blir lest, til eventuell inspirasjon til andre. Første bok ut var «Det vi …

Volleyballtrening kvar onsdag

Me startar opp att med volleyball-trening ONSDAGAR kl 20.00. Ungdom og vaksne, kvinner og menn, spreke og uspreke  – alle er VELKOMNE !!!