Månad: desember 2013

Hjartestartar

Nå er endeleg hjartestartaren på plass på veggen. For dei som ikkje allereie har sett den, så heng han på veggen på brannstasjonen til venstre for porten.

Historisk bygdekveld 19.des

Tradisjonen tro: Jøsneset skule lagar alltid til stor bygdekveld før jul – også i år – men i år blir det for siste gong!! Neste år er jo skulen vår  blitt historie.  Så til alle på Jøsneset og Jøsenfjorden : Set av kvelden 19. desember – få med deg dette !! Meir info kjem. Arkivfoto

Brrrr….badeliv i vinterland

Skumringa seig inn over den julekortkledde bygda, månen steig opp på den vinterblåe himmelen, kulda trakk ned gjennom dalen til minus 6 grader….men likevel 6 småtrippande, badekledde Jøsnesbuar hakka hol i isflaket på Kogekjellå – klar for bading !! Flott, mjukt iskaldt snødekke på land – og klar for 1.5 grad i ånå !! Svanhild på Foss var første kvinne uti, og …

Me tenner juletreet

Lørdag 7.desember tenner me juletreet ved brannstasjonen. Det blir gang rundt juletreet, julesongar, gløgg, pepparkaker og sal av pølser. Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien klokka 17 Faklane kostar kr 50,-   Hjarteleg velkomne store og små! Bygdarådet

Julebad i Kogekjellå

Det nærmar seg jul, likevel held badinga i 4-graderskulpen «Kogekjellå» på Foss fram som før…..også nå på lørdag blir det bading, og lørdagen etter det: Helselaget inviterar til festlig juletreff, kaldt julebad og varm julegrøt LØRDAG 14 des!! Då kjem det også besøk av ein «Nissekar» ud-ante…..hm…kven kan det vere???Og tør han å bade?? Set …