Beachparty og Nyttårsbad

Årets badesesong avsluttast med eit fyrverkeri av eit  NYTTÅRSBAD i SKIFTUVIGÅ Nyttårsafta kl 15.00.

Det blir midtvintersbål, servering av sprudlane champagne(-brus),  høg sigarføring (?) og ein smule partyfaktor. NVE melder om store nedbørsmengder og flaum….omtrent som jonsok-værmeldinga altså. Kan me bade då – kan me bade nå !! Utfordringa går spesielt til Fossdalsbuen – som nå må trø ut av den lune Fossdalen og den kogande Kogekjellå – for eit ramsalt nyttårsbad i det store verdenshav Ombofjorden !!

Velkommen til alle både baderar og ikkje-baderar – med special invitation frå BIKINIDAMENE I SKIFTUDALEN !

OBS …pga værmeldinga og nyttårs-steigene rundt om i de jøsneske kjøkken reknar me med arrangementet blir avvikla på ….1-2-3 Wink


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.