Julebadet unnagjort

Om du lurte….jada, julebadet er unnagjort!! Og det ser ut som det friska opp og gjorde godt for dei to «himvendte» bylærarane Lene og Lise. Og Lise er historisk; første badar austafor Fosskrossen – dette lovar godt for fortsettelsen!

 

11 stk hoppa uti den friske ånå i årets julebad, ja 2 av de bada heile 3 gonger, så då blir det vel» 15″ tilsaman dåWinknår me ser litt stort på det.
Ingenting friskar hode,skulder, kne og tå så godt midt i travlnaste julestriå som eit bad i iskaldt vatn frå Jøsnesheiå.

Straumen i ånå var sterk og det bobla så masse at ein blå ullsokk forsvant frå ein fot…..kanskje den dukkar opp nedpå Fosså utpå julaftåWink

 

Denne gongen var det faktisk Skiftudalen som gjekk av med «seieren» – med heile 7 stk, derav alle 5 i  familien Hjorteland +3 Fossdalsbuar og ja, Lise som «outsideren» austafor Fosskrossen Wink

 

Og om nokon lurer på FOLKEHELSEGEVINSTEN:

Folkehelse på sitt beste !  Bonden på Bøen – Silje –  har i dag levert ut alle fenalåra og alt pinnakjøtet, og dagen har gått med skuring og rydding av produksjonslokalene. Ikkje rart ho måtte slå til med eit 3-gangers julebad, så  NÅ KAN JULEFREDEN SENKE SEG !!

 

..og her er assisterande fotograf Ida. GOD JUL !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.