Stemningsfull juletretenning

 

Laurdag låg julesnøen kvit og fin over Jøsnesbygda Heldigvis hadde stormen stilna før ei nyhogd julegran var på plass foran brannstasjonen.

 

 

 

 

Godt kledde i kulda samla barn og vaksne seg på Skiftu-kaien for å tenna faklane, og så la nissetoget i veg mot brannstasjonen.

 

 

Vel framme samla alle seg rundt juletreet og venta på at lysa skulle tennast. Etter å ha innvia treet med «På låven sitter nissen», var det tid for pølser, gløgg og pepparkaker. Frosne fingrar fekk varma seg over flammane i bålpanna, og små og store fekk varmen i seg med meir gang rundt juletreet

Flott med eit lysande juletre no når gatelysa igjen er sløkte………

Takk til alle som møtte fram!

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.