Månad: desember 2013

Romjulsbad i øspøs

Regnbygene og stormkasta har stått i kø denne romjula 2013; også lørdag den 28.des. Dette til trass; 8 stk kasta seg likevel uti Kogekjellå på Foss på slaget kl 16 for årets romjulsbad – denne gongen 4-4 til Fossdalen – Skiftudalen Litt dykking ned Kogekjellås dyp !! For den som trudde det var årets siste bad……sjekk eigen artikkel !

Beachparty og Nyttårsbad

Årets badesesong avsluttast med eit fyrverkeri av eit  NYTTÅRSBAD i SKIFTUVIGÅ Nyttårsafta kl 15.00. Det blir midtvintersbål, servering av sprudlane champagne(-brus),  høg sigarføring (?) og ein smule partyfaktor. NVE melder om store nedbørsmengder og flaum….omtrent som jonsok-værmeldinga altså. Kan me bade då – kan me bade nå !! Utfordringa går spesielt til Fossdalsbuen – som nå …

Årets siste?

  På Solveig Bog Bouzane sin 2.juledagstur kom ho over denne frimodige saublomen. Definitivt ein hardhaus innan planteriket! Spørsmålet er: er det årets siste?? Skulle det dukke opp nye vårteikn før nyttår er det berre å sende de over til ungdomslaget@josneset.no.  

Romjulsbad kl 16

Stormvarsel og kuligkast til tross…..forholda ligg vel til rette for ROMJULSBAD i KOGEKJELLÅ lørd 28.des kl 16 – sharp!

Info om stadnamnprosjektet

Me er godt i sving med å kartfeste lokale stadnamn frå Jøsneset. Første treff var i Trivselstova i haust; og etter det er det delt ut mange kart som folk rundt i bygda skriv inn namn på.  Og me har alt fått inn mange namn, mange namn er plotta inn på digital kart og fleire kjem. Kartet ovanfor er siste bidrag me har …

God Jul frå Håvehammar

Sola svikta ikkje Solbygda på Juleafta likevel….innimellom stormkast og heftige byger blei det 2-3 flotte ettermiddagstimar på julafta med blå himmel og sol…som eit lite mirakel…God Jul frå Håvehammar.

Juleforteljing frå VONI anno 1928

HER kjem ei jule»gåve» frå VONI og Jøsneset Ungdomslag. Ungdomslaget har jo mange årgangar av VONI (seinare  VONA) heilt tilbake starten av 1900-talet.  VONI var på ein måte då-tidas «nettside» for Jøsneset. Folk i bygda skreiv i boka, dei les opp historiene på ungdomstreffa og boka gjekk slik på omgang frå treff til treff – til glede og underhaldning.  …

Julematen er i hus

Mandag kveld møtte spende kursdeltakarar og minst like spende kurshaldarar opp på Bøen for å sikra bygda sylte og lammerull til jul.     Under kyndig veiledning frå Berit og Silje sette ivrige hender i gang med å skjera, krydra og sy. Først blei det ribberull av svin.    Her er Ellinor i fint driv …

Julebadet unnagjort

Om du lurte….jada, julebadet er unnagjort!! Og det ser ut som det friska opp og gjorde godt for dei to «himvendte» bylærarane Lene og Lise. Og Lise er historisk; første badar austafor Fosskrossen – dette lovar godt for fortsettelsen!   11 stk hoppa uti den friske ånå i årets julebad, ja 2 av de bada …

Julehelsing fra Bygdarådet

Bygdarådet avsluttar eit hektisk år med denne elleville julehelsinga. God fornøyelse!

Julebad

For den som trudde Julebadet var unnagjort….det er feil, det skjer i dag i Kogekjellå på Foss kl 16.00. Ferierande julegjester og himkomne ungdommar er særskildt oppfordra til å ta seg ein frisk dukkert i lag med urinnvånerane Bli inspirert her:

Liten skule – stor julekveld

Joda, Jøsneset skule er liten, men likevel kan dei 21 elevane kunsten å lage program og underhalda mykje folk! Torsdag 19des inviterete skuleelevane begge bygdene Jøsneset og Jøsenfjorden inn til tradisjonell bygdekveld – og her var det litt av eit program med song, dans, rollespel og musikk i nesten 1 1/2 time utan pause  – …

Nissetreff i Kogekjellå

Laurdag 14 desember var det tid for både julebad, julegraut, julegløgg og sjølvsagt  «sprang» rundt juletreet. Det heile i og rundt Kogekjellå på Foss – og utdeling av mandariner frå ein veldig snodig firbeint Nisse ved namn «HelgøyPrinsen»….ja og så var lokalavisa STRANDBUEN på besøk og laga både avisreportasje og videosnutt. Klikk på bidet for …

Volleyball UTGÅR 18.des

Pga rigging og førebuing til Bygdakvelden på torsdag 19 blir det ingen volleyballtrening onsd 18.des.Men…..kva med ein liten romjuls-volleyball-turnering??

BYGDAKVELD – JUL OG TRADISJONAR

JØSNESET SKULE INNBYR ALLE, BÅDE STORE OG SMÅ I BEGGE BYGDAR, TIL BYGDEKVELD, TORSDAG 19.DESEMBER KL 18.00 på JØSNESET SKULE.  TEMAET ER: JUL OG JULETRADISJONAR.Dette er aller siste gong Jøsneset skule innbyr til førjuls-bygdekveld, så møt opp! PROGRAM: Gjennom song, dans og rollespel hjelper elevane oss med å skape den rette julestemninga.  MATØKT (me høyrer …

Julebad, Julegraut, Julegløgg !

LAURDAG 14 des kl 16.00 , Kogekjellå i Krogane på FossBli med på årets friskaste julesamling ute i friluft. Det blir bading, så har du lyst på ein frisk dukkert, så finn fram badeklær, nisselue og hopp uti !!Men har du berre lyst på julekos, så fyrer me opp bålpannå og tenner juletreet, og alle …

Minner om…..

…..JULEBADING, JULEGRAUT, GLØGG ….og «Nissebesøk»….i KOGEKJELLÅ på FOSS Lørdag ettermiddag 14 des  – tidspunkt litt uavklart foreløpig !

JULETEATER

Laurdag kveld på Samfunnshuset kl 19.30 kan du oppleve Hjelmeland Ungdomsteater si sjølvlaga teateroppsetning «NO ER DET JUL, IGJEN!» Her deltek masse flinke barn og ungdommar frå heile kommunen, deriblant Malena, Malin og Madelen frå Jøsneset. Bilettsalg i døra; Vaksne kr 150 Barn kr 100 Familie kr 400.

Stemningsfull juletretenning

  Laurdag låg julesnøen kvit og fin over Jøsnesbygda Heldigvis hadde stormen stilna før ei nyhogd julegran var på plass foran brannstasjonen.         Godt kledde i kulda samla barn og vaksne seg på Skiftu-kaien for å tenna faklane, og så la nissetoget i veg mot brannstasjonen.     Vel framme samla alle …