Ny frisk badedag i Foss-kulpen


Du trudde kanskje badesesongen var over?? Å neida !! Full aktivitet i kulpen i Foss-ånå òg denne lørdagen. 5 grader, pøsregn og lågt skydekke; joda, kulpen berre KALLAR slike dagar. Det blei hopping, dykking og lange, herlegeSurprised tak i det friske vatnet. Helselagsleiar uteblei akkurat denne dagen; helsinga til henne er kort og godt: Spania for pingler, Jøsneset for HardhausarWink

 


Kva skjer nå??

Sjølvsagt…det måtte jo berre bli: ei FOSS-BOMBE !!


Kristiane er etterkvart ein erfaren haust-kulp-badar Wink

 


Ingeborg driv med baklengsdykking, medan Svanhild tar seg av pressefotografen


Treng me lure på helsegevinsten??

 

Også denne gongen var FOSS sterkast representert i seansen. Men som førre lørdag ; SKIFTUDALEN held stand, og forsvarar æra !l

Ein må nå vurdere å gje ut ein bade-rettleiar til resten av bygda; me ventar…..Knutsvik? Nesvik? Fosså? Åsland ?…kor e dokk?

NB: dei varsla paraply-drinkane uteblei !! Drog servitøren til byn ??  ….fortsettelse følgjer neste lørdag !!

 

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.