Dag: 9. november 2013

Ny frisk badedag i Foss-kulpen

Du trudde kanskje badesesongen var over?? Å neida !! Full aktivitet i kulpen i Foss-ånå òg denne lørdagen. 5 grader, pøsregn og lågt skydekke; joda, kulpen berre KALLAR slike dagar. Det blei hopping, dykking og lange, herlege tak i det friske vatnet. Helselagsleiar uteblei akkurat denne dagen; helsinga til henne er kort og godt: Spania …

Barnehagesaka

Saka om barnehagestruktur i Hjelmeland var oppe i Oppvekstutvalet 06.11, les  saksframlegg og vedtak HER.  Oppvekstutvalet går inn for nybygg og utviding av Årdal og Fister barnehagar, medan barnehagane på nordsida av Jøsenfjorden skal bli to avdelingar under Hjelmeland barnehage.  Innspelet frå Jøsneset Bygdaråd (sjå brev i link i artikkel nedanfor) blei ikkje imøtekome. Saka …