Still opp på Bygdakveld!

Torsdag 21. november klokka 18:00 inviterer me alle som kan krypa og gå til ein trivelig Bygdakveld i gymsalen!

Bygdarådet har invitert den nye rådmannen i Hjelmeland, Dag Flackè, til å bli kjend med Jøsneset og presentera det som rører seg her.

Det blir underhaldning av elevar i kulturskulen, presentasjon av næringslivet i bygda, matservering – og ein dose galskap.
Me ber alle setja av kvelden , slik at me saman kan laga ei triveleg, oppmuntrande og inspirerande stund!

Vel møtt!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.