Dag: 4. november 2013

Still opp på Bygdakveld!

Torsdag 21. november klokka 18:00 inviterer me alle som kan krypa og gå til ein trivelig Bygdakveld i gymsalen! Bygdarådet har invitert den nye rådmannen i Hjelmeland, Dag Flackè, til å bli kjend med Jøsneset og presentera det som rører seg her. Det blir underhaldning av elevar i kulturskulen, presentasjon av næringslivet i bygda, matservering …

Stor stemning i Fossånå

Laurdag var det igjen duka for Syden-stemning i kulpen på Foss. Friske symjarar representerte familien Westersjø, med både Sven, Ingeborg og Kristiane. Svanhild Hjorteland var sjølvsagt med, og frå Tonå stilte friskusen Tania. Skiftudalen var spesielt utfordra, men bortsett frå bonden på Bøen befant nok dei øvrige seg foran peisen.  På tross av noko dårleg bildekvalitet, er …