Kakesalg for skuletur

10-klassingane frå Jøsneset går nå rundt i bygda og sel kakeboksar. Overskotet av dette salet går til skuleavslutningsturen i juni  til England. Nokon har nok allereie fått besøk, medan andre kanskje har besøk i vente. Dei har fordelt bygda seg i mellom og tek sikte på å gå innom til alle. Det er 3 kakesorter, 1 karamellsort og ein boks med gode knekkebrød. Så her skal vere for einkvar smak…..og ryktene går: dei smakar kjempegodt !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.