Månad: november 2013

4 grader i Kogekjellå

På an igjen: 31 november, 4 grader i elva..9 stk plaska uti det iskalde vatnet som kjem ovante snødekte Jøsnesheia. Det varma godt med gløgg og solboller etterpå.   Frisk dukkert – set gang i blodomløpet !! For første gong gjekk Skiftudalen seirane ut; med sine 5 bade-deltakarar. Foss stilde med 4 stk; og denne …

Solboller og isbading kl 16

Det er grunn til å feire siste dag i november 2013 – som blei ein stille, kald og solrik dag. Det er nettopp på dei solrike dagane på vinterhalvåret at bygda lever opp til begrepet «Solbygda» – bygda ligg bada i sol heile dagen!! Me feirar sola, livet og bygda med nybakte Solboller og varm te for …

Lystig lefsebaking

14 damer +2 takker+ 1 nordlandslefsedeig + 1 krotekakedeig = lystig lag i Trivselstova!  Takkene dampa, mjølet rauk, kjevlene rulla, lefsepinnane svinga  og bakepraten stod i taket. Slik er Damekveldane i bygda   Svanhild og Olga rullar ut første krotekake – husk halvvarm takke og ikkje spar på mjølet når du kjevlar ut.   Bruk gjerne baksida …

Julematkurs

Vil du framstå som ein innfødd Jøsnesbu og diska opp med heimelaga lefser, krotekaker, lammerull og sylte til jul? Då har du sjansen no! Bygdarådet inviterer til lefsekurs 3. desember og påleggskurs 16. desember.   Påmelding til leiar i Bygdarådet Berit S. Hjorteland seinast mandag 2. desember på tlf 950 50 427 eller e-post bygdaradet@josneset.no …

Bygdekveld med både rådmann og vær

Torsdag sist veke inviterte Bygdarådet til Bygdakveld i gymsalen. Bygdefolket strøymde til og fekk både møte kommunen sin nye rådmann Dag Flackè og Jøsneset sin nye kjendis-vær!! Jaaa, enig… snodig kombinasjon…men: ER ME PÅ BYGDA SÅ ER ME PÅ BYGDA . Me fekk òg møte det aller siste nye innslaget på Jøsnes-himmelen; damebedåraren og sildeentusiasten «Gunnar Vik» frå Haugesund (foto ovanfor)…..i …

Nok ei herleg badehelg i Solbygda

Temperaturen i Foss-kulpen sank frå 6 til 4 grader ila siste veka, men talet på badegjester stig! Denne gongen kasta 10 stk seg uti.  For medan folk flest er travelt opptekne med julemesser og innekosing, så boltrar Jøsnesbuane seg i det friske elvevatnet – og denne gongen var det Jøsneset Brannvesen som imponerte mest For her boltrar …

Håvehammar i ny prakt

Håvehammar er vår mest besøkte turpost på Jøsneset – eit svært populært turmål for store og små. Hittil har den markerte fjellknausen vore nokså overgrodd av braje (einer), som hindra både utsikt og ferdsel utanom stiane.  Men nå har gardbrukar Sven vore ute med saga; og alt av braje-kratt er rydda vekk. Naturen og utsikten …

Familie og helsebading

Måndag 25 november er siste dag med familie og helsebading før jul.  Desember månad er det stengt. 

Damekveld

Minnar om damekveld på torsdag 28 november kl 19:30.  Tema for kvelden er nordlandslefser og krotekakebaking saman med Olga og Marta. vel møtt. arr. Helselaget.      

Husk bygdakvelden!

Me minner om at det brakar laus i gymsalen i kveld klokka 18:00! Jo fleire me blir, jo triveligare blir det!! Du kan lesa heile invitasjonen her    

Du vett du bur i Solbygdå når….

..Buhagen Epesaft nytes i 6 gr-kulpen på Foss i november i skodde, regn og blest «Sol ute, sol inne, sol i hjertet…..sol i sinnet !! Åååå…» Endeleg kom paraplydrinkane!! og denne gongen blei det uavgjort Skiftudalen – Foss !   Ja, me reknar med Tania òg i det reknestykket: ho bur på Tonå! Midt mellom …

Treffande ros til josnes-siå

Det hender me får ros og tilbakemeldingar frå dykk nettsidelesarar. Her ein dag fekk me ei artig melding frå ein ny lesar; Svein Hauge, oppvaksen på Jøsneset i etterkrigsåra, nå busett på Notodden. Han har tydelegvis ikkje gløymd barndommen på Jøsneset, for han samanliknar nettsida vår med ei hending frå den gong, samanfatta slik: «Heimesida …

VOLLEYBALLTRENINGAR

Volleyball-trening i gymsalen ONSDAGAR kl 20.00 !!Passar for alle frå ungdomskulealder og oppover – sosial og moro trim !!Velkommen til alle !

Normal ferjedrift igjen

Den øydelagde ferjelemmen er fiksa. Første avgang i ordinær ferjedrift er kl 20.15 frå Nesvik torsdag 14.11.I 1 1/2 veka har ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland vore ute i drift pga kollisjonsskaden. Les meir på Aftenbladet.

Vær -«Princar» i media

To værar blir lett til fem høns…eller?…nei,nei,nei !! To værar på nettsida vår blei plutselig til dagens radio-innslag i NRK Rogaland!! Fekk du ikkje med deg radiointervjuet med Sven og Jon Arne om dei to værane som skulle over fjords til gards for å sikre veksten?? Då kan du høyre det på nytt her i …

Lyst å bli med i lesesirkel?

Hausten er ei herleg lesetid !! Er du glad i å lese bøker ? Har du lyst å prate med andre om bøkene du les? Få tips og idear til bøker du elles kanskje ikkje hadde lest? Utvide bok-horisonten? Ein lesesirkel kan vere tingen for deg då Ein lesesirkel er ei gruppe leseglade mennesker som …

«Vær»-dagslivet går sin gang

Ferjekrasj og trafikk-krøll……»vær»-dagen må gå sin gang for det! Og då er det ein fordel med fleksible og praktiske retta skysskarar som Helgøyen og Co. Det fekk sauebøndene Ingeborg og Sven erfare: som hadde kjøpt to værar på Hjelmeland. I staden for å ta lastebilen med på ferja frå Nesvik til Tau, og deretter kjøre til Hjelmeland for …

Ny frisk badedag i Foss-kulpen

Du trudde kanskje badesesongen var over?? Å neida !! Full aktivitet i kulpen i Foss-ånå òg denne lørdagen. 5 grader, pøsregn og lågt skydekke; joda, kulpen berre KALLAR slike dagar. Det blei hopping, dykking og lange, herlege tak i det friske vatnet. Helselagsleiar uteblei akkurat denne dagen; helsinga til henne er kort og godt: Spania …

Barnehagesaka

Saka om barnehagestruktur i Hjelmeland var oppe i Oppvekstutvalet 06.11, les  saksframlegg og vedtak HER.  Oppvekstutvalet går inn for nybygg og utviding av Årdal og Fister barnehagar, medan barnehagane på nordsida av Jøsenfjorden skal bli to avdelingar under Hjelmeland barnehage.  Innspelet frå Jøsneset Bygdaråd (sjå brev i link i artikkel nedanfor) blei ikkje imøtekome. Saka …

Konsert med Per Husby

Les meir om Per Husby og sjå heile plakaten  HER