Foto:Jøsneset skule
Fredag 18 oktober kl 11 inviterte Jøsneset skule til Turmarsj til inntekt for TV-aksjonen og demenssaken. Dette blei kjekt og sosialt i det nydelege haustværet. Nærare 50 stk frå begge bygder, derav nok mest frå besteforeldregenerasjonen, tok turen rundt «Nullen» og 2025 kr kom inn i kassen. Elevane selde nybaka Jødekaker til aksjonen. Deltakarane skrøyter, og rektor Rasin er nøgd: det viser at det ikkje alltid treng å vere store opplegg for at det skal bli vellykka. Les meir og sjå fleire bilde på JØSNESET SKULE. Når det gjeld framtida til Jøsneset skule, ser ikkje den fullt så vellykka ut: Alle politiske utval har einstemmig gått inn for nedlegging, Einaste som gjenstår nå er endeleg vedtak i kommunestyret 30.10.2013.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.