Solbygdå klarer òg å vise seg som Tåkebygdå….slik som i dag, då Hjelmeland Turlag sin planlagde tur til Herefjellet «forsvant» i skoddå: Det hølja ned og Herefjellet låg kapsla inn i tåke. Ikkje forsvarleg å legge ut på den planlagde turen; ingen som møtte opp heller; klokeleg nok. Turlaget v/ Svanhild og Anne Kari tok i staden turen på Håvehammar. Sjå den flotte utsikten…Og deretter gjekk turen innandørs for varm te og nybakt eplekake. Absolutt ingen skam og snu !!
Utsikta frå Åsland, søndag kl 11……innbill dykk nydelege Ombofjorden bakom der.
Og her; utsikten opp mot Herefjell: innbill dykk vakre Herefjell oppi der
Hjelmeland Turlag lagar turprogrammet i oktober året før; så denne turen har vore på programmet svært lenge. Det er einaste tur i 2013 som er blitt avlyst pga dårleg vær. Om same rute blir sett opp på programmet til 2014, veit me enda ikkje; Programmet for 2014 skal lagast nå snart, i oktober. Send gjerne inn turtips til hturlag@gmail.com eller på sms til 97007636 v/ leiar i Hjelmeland Turlag Svanhild H Gbada.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.