Månad: september 2013

Stadig nærare nedlegging

Nedleggingssaka om Jøsneset skule går mot ei ny politisk behandling. Trass i fleire innspel frå bygda her; Samarbeidsutvalet, Elevrådet og Bygdarådet der alle argumenterer for å behalde skulen, så går det stadig nærare ei nedlegging. Saka blei behandla i Oppvekstutvalet 3.oktober: der blei det vedtatt samrøystes at skulen skal leggjast ned med verknad frå 01.08.14, …

Herefjellturen «forsvant» i skoddå

Solbygdå klarer òg å vise seg som Tåkebygdå….slik som i dag, då Hjelmeland Turlag sin planlagde tur til Herefjellet «forsvant» i skoddå: Det hølja ned og Herefjellet låg kapsla inn i tåke. Ikkje forsvarleg å legge ut på den planlagde turen; ingen som møtte opp heller; klokeleg nok. Turlaget v/ Svanhild og Anne Kari tok …

Damekveld

Damekvelden 26.september har me sett bok som tema. Me får besøk av bibliotekar Grete H Sandvik frå biblioteket på Hjelmeland. Ho vil fortelja litt om ulike bøker, så set av torsdagskvelden til ein kjekk og triveleg damekveld. Damekvelden startar 19:30 denne gongen

Eldretreff

Eldretreffen startar opp att 19 september i trivselstova kl:10:00. Gamle så vel så nye er hjertelig velkomne. For ytterligere opplysningar ta kontakt med Olga Hjorteland. 

Eldretreff

Eldretreffe startar opp att 19. September kl.10 i Trivstova.  Nye så vel som gamle kjente er hjertelig velkomne. Ytterligere informasjon kan ein få hjå Olga Hjorteland.

Bli med på Herefjellet !!

Les turomtale i magasinet Mitt Hjelmeland og les heile plakaten HER

Valgdagen på Jøsneset

Politikarar kjem og politikarar går, regjeringar skifter…..men valpersonalet på Jøsneset består ! Rasin, Johanne og Olga er alle drevne i å passe på mantallslister og stemple på stemmeseddelen før den går ned i den godt brukte stemmeurna. Desse tre, og òg Elbjørg Tednes, har utført denne viktige jobben i «alle år» Klokka 18 på valgdagen …

Bru over Jøsenfjorden??

I følge Aftenbladet går Statens Vegvesen vekk frå tanken om underjøisk tunell under fjorden (det såkalla Jøsenfast), og vil heller utgreiie ulike alternativ for Jøsenfjorden bru. Alle alternativa inkluderer tunnell på Hjelmelandsida. Les heile artikkelen i AFTENBLADET  

Bra lokal innsats i Stavanger Marathon

Sist helg blei Stavanger Marathon arrangert, og det stilde Jøsnesbuar i alle tre distanseløpa: Marathon, Halv-marathon og 10 km.            Astrid Fossa Viga (ja, me reknar deg enda som Jøsnesbu: født og oppvaksen her, driv Mikal Laks her, men bur på Hjelmeland). Ho sprang inn til ein ny flott personleg rekord …