Dag: 27. august 2013

Damekveld

Nå damer kan dykk ta fram kalenderen og notera ned datoane for haustens damekveldar.  Me startar opp Torsdag 26.september, torsdag 24 oktober er neste og me avsluttar damekveld hausten 28.novenber der tema er bakekveld.  Meir info om tema for alle kveldane kjem me tilbake til og me vil og få lagt inn datoane i kalenderen.

Familiebading og Helsebading

Familiebading og Helsebading startar opp igjen Måndag 14.oktober. Familiebading er frå kl 17:30 – 18:30 og er for nyfødd og til 6 år. Barnehageborn. Helsebading er frå 18:30 – 19:30 og er for vaksne. Me vil få lagt inn datoane i kalenderen til høgre når alle datoar er bestemt.  

Fellestur frå Åsland

Fellestur frå Åsland til Fosstemmen Søndag 6.oktober inviterer helselaget alle til å vera med på fellestur frå Åsland til Fosstemmen.  Turen starte 10:30 frå Åsland og det er ein tur for både små barneføtter, firbeinte og vaksne i alle aldrar. Helselaget ordnar med varme i gruva, så ein kan ha med seg grillmat om ein …

Barnetrim

Onsdag 4 september startar barnetrimmen opp igjen. Alle born i barnehage og skule vil få lapp med seg heim om dette.