Månad: august 2013

Jøsenfast skal utgreiiast

Samferdselsdepartementet har vedtatt av ferjefri kryssing av Jøsenfjorden; den såkalla Jøsenfast skal utgreiiast nærare i ein KVU. Dette kan du lese om i AFTENBLADET. Kan dette vere første vesle skritt mot ei framtidig realisering ??

Gratis båt frå dansekveld

 Me har fått gladmelding om at det blir GRATIS båt heim frå lørdagsdansen på «Frukt og Laks» i år òg Båten går kl 01.10. Dansen sluttar 01.00. Det er «Goggen and the Pacemakers» som spelar coverlåtar og dansemusikk denne lørdagskvelden. Her finn du elles heile FRUKT-OG LAKS-PROGRAMMET FOR 2013.

Damekveld

Nå damer kan dykk ta fram kalenderen og notera ned datoane for haustens damekveldar.  Me startar opp Torsdag 26.september, torsdag 24 oktober er neste og me avsluttar damekveld hausten 28.novenber der tema er bakekveld.  Meir info om tema for alle kveldane kjem me tilbake til og me vil og få lagt inn datoane i kalenderen.

Familiebading og Helsebading

Familiebading og Helsebading startar opp igjen Måndag 14.oktober. Familiebading er frå kl 17:30 – 18:30 og er for nyfødd og til 6 år. Barnehageborn. Helsebading er frå 18:30 – 19:30 og er for vaksne. Me vil få lagt inn datoane i kalenderen til høgre når alle datoar er bestemt.  

Fellestur frå Åsland

Fellestur frå Åsland til Fosstemmen Søndag 6.oktober inviterer helselaget alle til å vera med på fellestur frå Åsland til Fosstemmen.  Turen starte 10:30 frå Åsland og det er ein tur for både små barneføtter, firbeinte og vaksne i alle aldrar. Helselaget ordnar med varme i gruva, så ein kan ha med seg grillmat om ein …

Barnetrim

Onsdag 4 september startar barnetrimmen opp igjen. Alle born i barnehage og skule vil få lapp med seg heim om dette.  

Nytt vedtak i skulesaka

Formannskapet i Hjelmeland behandla saka om nedlegging av Jøsneset skule i møte den 20.08.13. Saka er ei direkte oppfølging av prinsippvedtaket som kommunestyret vedtok i juni, om nedlegging. Formannskapet vedtok samrøystes at skulen skal leggjast ned f.o.m august 2014, i tråd med oppvekstsjefen si tilråding. Les sak og vedtak  HER.Det blir nå ei formell høyring …

Minner om innsamling Romania – i dag !!

13. SEPTEMBER kl 17.00 – 18.00 v/ Jøsneset BrannstasjonInger Apeland i Suldal er igjen klar med traileren til Romania, og du er vel klar for å rydde i skap og skuffer? Traileren skal fyllast med klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, strikke-og sysaker, leiker, ja alt muleg. Pakk godt i doble …

Endra opningstider på Nauste

Melding frå Cesilie: Endra åpningstider på Nauste fom uke 34 dvs mand 19aug. Åpent kvar dag fra 11-19.30

Lokale Tour des Fjords-deltakarar

…….iallefall i barneritt-sykkelløpet i samband med Tour de Fjords-rennet var det lokale sykkelrytterar å sjå; her representert ved Runar og Vebjørn, som sykla i kvar sin klasse. Mange fleire barn både frå Jøsneset, og alle andre bygder i Hjelmeland deltok i barnerittet lørdag morgon, medan proff-syklistane varma opp til 2.etappe av Tour de Fjords mellom …

Nytt premiedryss til Mikal Laks

Nok ein gong blir det stadfesta at den Jøsnesproduserte laksen frå MIKAL LAKS er den beste i Norge!  På AquaNor-messa i Trondheim blei premiane delt ut. MiKAL LAKS vant i åpen klasse med «Einerrøykt pepperlaks» og fekk sølv klasse varmrøykt laks   Les meir i STAVANGER AFTENBLAD og KYSTMAGASINET Me gratulerar Mikal og Astrid Fossaa …

Skulestart torsdag 15 august

Sjølv om kommunestyret har gjort eit prinsippvedtak på at Jøsneset skule skal leggjast ned, så startar skuleåret opp att som vanleg nå torsdag 15.august.  Det er 4 elevar som startar opp i 1. klasse. 20. august får formannskapet ei konkret sak på bordet om nedlegging av Jøsneset skule; då det skal tas meir detaljert stilling …