I mange år har Bygdarådet hatt dette flotte skiltet på lur, men no er det endeleg på plass! Saulius og Sven har fjerna tre, støypt feste og fått skiltet opp. No manglar berre prikken over i-en, litt blomsterpynt, så er verket ferdig. Godt jobba!
Me minner om at utbygging av fibernett på Jøsneset avheng av at innbyggjarane melder interesse for dette! Lyse startar no med informasjonsmøte rundt i bygdene om utbygginga. Meld di interesse ved å bruka denne linken. Lyse har inngått ein avtale med Hjelmeland kommune om utbygging av fibernett; dvs eit svært mykje raskare og meir stabilt …
Mandag kveld var det tendenser til trafikk-kaos i Fossåkrysset (ja, iallefall var me to bilar som stoppa der samtidig), for Runar Fossaa hadde fått opp salgsbordet med deilige moreller. Morellene er dyrka inne i drivhuset på Fosså, og Runar og pappa har plukka de, og Runar er altså salgsdirektøren. Utstyrt med campingstol og Donald-pocket, om ventetida …
Juryen i Jøsneset Ungdomslag har nå avgjort fotokonkurransen «Min Jøsnessommar 2013», og har kåra Andrea Loktu Vasseng (17) som vinnar med dette nydelege fotoet «Celine dansar heim frå Håvehammar». Juryen si grunngjeving: Eit nydeleg stemningsbilete med vakre kontrastar. Dei varme fargane får fram sommarfølelsen her. Andrea vil få tilsendt eit forstørra print av vinnarbiletet …
Dersom du gjekk glipp av kommunestyremøtet den 19.06, der mellom anna Jøsneset skule blei vedtatt lagt ned, kan du nå sjå og høyre debatten på nett HER. Møtet blei sendt på nett på direkten, men det tok noko tid før det var å finne på opptakslista, men nå ligg det altså tilgjengeleg. Sjølve vedtaket i …
Melding frå Cesilie på Nauste Mixn Nesvik: Vil berre minne folk om åpningstidene på Nauste er fra 10.00 – 21-00 alle dagar heile Juli