Kanskje du har vore nedom Fosså i det siste, og lurt på om Ellen Mari og Odd har storvask av kvite tørkler? Men, nei, dette er derimot eit litt sjeldan og veldig artig tre som blomstar slik: det såkalla Lommetørkletreet , også kalla Duetre. Treet er såpass sjeldan at folk valfartar til botaniske hagar når desse blomstrar….
Det stod nettopp ein artikkel i Stavanger Aftenblad om dette artige treet. Les artikkelen HER. I avisa stod det at det kun finst 4 slike trær i Rogaland: eitt på Ombo, eitt i Rogaland Arboret og to i Stavanger. Dette er altså ikkje heilt oppdatert: for på Fosså står det faktisk 2 slike blomstrande trær. Det eldste blei i vinter nokså «medfare» og står i fare for å ta knekken. Men dette som er avbilda her, blomstrar akkurat nå, og er i fullt vigør !! Det blei planta i 1997 av Odd, son til landskapsarkitekt Knut Fosså, som jo hadde sansen for det sjeldant vakre. Treet tar seg veldig fint ut attåt den gamle løa med skifertak !
Lommetørkletreet er nok ikkje av det mest hardføre, og stammar opphavleg frå Kina. Det likar lun/god plassering – noko som jo passar godt her i Solbygda. Treet har kort blomstringstid; så vil du sjå det i blom, må du kanskje gjere som folk i botaniske hagar: Valfarte til staden der det står !!! Sjå opp for innrykk Ellen Mari og Odd Begge foto: Ellen Mari Fosså.
PS: Les òg om treet hjå Stavanger kommune.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.