Dag: 12. juni 2013

Glad-løå

Om du lurer på kor skøyarfantane i  bygda held hus («held løe») –  så er det altså i NESVIK  !! Fin start på dagen på veg til ferja og båten

Flagg til topps i ny flaggstang

Frå ein glad nabo meldes det at Wyller fekk montert ny flaggstang i går 11.juni2013, og at flagget gjekk sporenstreks rett til topps ! Me veljer å tru at det var til ære for norske kvinners 100års stemmerettsjubileum(…..men sjølvsagt KAN det jo hende at det var for å teste stanga) Uansett – fint er det …

Lommetørkletre i blomst på Fosså

Kanskje du har vore nedom Fosså i det siste, og lurt på om Ellen Mari og Odd har storvask av kvite tørkler? Men, nei, dette er derimot eit litt sjeldan og veldig artig tre som blomstar slik: det såkalla Lommetørkletreet , også kalla Duetre.  Treet er såpass sjeldan at folk valfartar til botaniske hagar når …