Seier til Jøsnes-gut i Viglesdalløpet


Jasin Hjorteland Gbada til høgre sprang òg i år inn til seier i Juniorklassen i Viglesdalløpet med tida 1.21.49. Dei neste plassane vart òg som i fjor; Tobias Topp Sandvik på 2. plass med tida 1.27 og Svein Hjørungdal, Hjelmeland på 3.plass.  Herreklassen og vinnar totalt: Henning Mæhle frå Strand, Damer: Lene Egeland Kyllesø vant av damene, medan søstrene Mari og Kristin Hetleseter fekk 1. og 2. plass  i juniorklassen for jenter.

 

Viglesdalløpet er ei fantastisk naturoppleving (for dei som tek seg tid til å sjåTongue Out), 14 km langt i svært ulendt terreng med 300 m høgdeskilnad.

Langs vatnet inn til Viglesdal er terrenget ei samanhengjande ur. her gjeld det å halde fokus på stega.


Halvvegs i løpet; på den flate nydelege bøen, med Turistforeningshytta i bakgrunnen.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.