Månad: mai 2013

Modige elevar talar til politikarane

Det blir hevda og meint mykje om små skular for tida; sist nå i folkemøtet med politisk panel som blei avhalde på Jøsneset 29. mai. Ein ting er sikkert:  små skular kan også skape modige, samfunnsengasjerte og sosialt oppvakte elevar. Dette beviste både Elise (10) og hennar medelevar Kristiane og Amber på møtet i kveld: …

Å vera eller ikkje vera

Det er spørsmålet for skulen vår..        Som ein del av innsparingar i Hjelmeland kommune er Jøsneset skule foreslått lagt ned – igjen. Skulen rommar no elevar både frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyremøte 19. juni, så dersom me vil påverka prosessen må me handla raskt!  Bygdarådet og Samarbeidsutvalet …

Barnebøker på fleire turpostar

  Frå før har det vore barnebok på Håvehammar i lengre tid. Den har vore populær, og helselaget fikk spørsmål om å legge ut fleire. Helselaget set pris på innspel, og melder nå om at dei har lagt ut barnebøker på Brynå og Nesdalsfjell i tillegg! God tur! Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Søndagstur til Reinarknuten

Hjelmeland Turlag inviterar deg med på kjempefin tur til Reinarknuten søndag 26.mai.Dette er den flotte, høge nuten opp frå Tysdalsvatnet; ein nut som du ser frå Jøsneset.Kanskje du vil opp å vinke heim? Les meir på den åpne Facebooksida til HJELMELAND TURLAG

Vinnarar av 3-nutstur og Hardhausen 2013

Vinnar av 3-nutsturen blei Monica Østerhus frå Jøsenfjorden. Ho var nærast den hemmelege idealtida på 4 t 53, då ho kom i mål 2 min før: på 4, 51. Monica fotel at ho hadde ein super tur, og syns det var eit flott arrangement. Det var første gongen ho deltok. Her på bildet er ho …

Saknar du ein skritt-tellar?

Det er funne ein skritt-tellar i turpostkassen på Brynå. Kanskje den er din?Ta kontakt på 950 50 427

Ny draumedag frå topp til topp

Slik ser tre ekte «Hardhausar» ut : Runar 10 år ( t.v.) var årets yngste «Hardhaus», og han og Vebjørn (t.h) 11 vart i år «Hardhausar» for første gong, medan Jakob 13 år har littegrann erfaring i sporten. Her glade på 4.og siste nut: Valafjellet. Det må vere noko magisk over «Hardhausen og 3-nutsturen», for været har ein tendens til …

Feiande flott 17.mai på Jøsneset

Ja, for det heile starta med relativt feiande vind; og flagget fremst i toget vaia godt og flosshattane heldt på å fyke av. Her ledar komiteen an i årets 17.mai tog, tett fulgt av skulen, barnehagen, bygdefolket og tilreisande gjester.   Medan kommunepolitakarane diskuterar nedlegging av Jøsneset skule, så kan framleis glade skulebarn stolt bære skulefana til …

Hardhausen og 3-nutstur 2013

Årets 3-nutstur og hardhausen arrangeres som vanleg 1.pinsedag. Dette blir 5. året og det ligg an til at nokon kan klare 5 år på rad..   Været som meldes (15.5) på www.yr.no for 1.pinsedag: Lappen for arrangementet finn du her. Løypekartet finn du her.

Bli med på ryddedag

Mandag 13. mai er det igjen tid for ein triveleg dugnadsdag for små og store. Bygdarådet inviterer alle til å bidra med rydding langs vegen og vask av Trivselsstova. Du kan lesa invitasjonen her

Hald bygda sneglefri !!

Den harde barfrostvinteren og fjorårets felles Nemaslug-aksjon mot brunsneglar viser tydelege resultat: brunsneglane er ikkje over oss i så store mengdar som i fjor. I fjor på denne tida hang brunsneglane som apekattar i toppen på påskeliljene. I år ser me dei ikkje i slike mengdar, MEN vær obs: dei er på frammarsj nå når …

Flott kunstutstilling på skulen

Elevane i storskulen på Jøsneset skule inviterte til open kunstutstilling 8.mai, og her var det jammen stor variasjon i stilartar og mykje flott kunst å sjå. Elevane i storskulen har brukt mange av kunst-og handverkstimane dette året med tanke på at det skulle bli ei kunstutstilling til våren. Og jammen var produksjonen stor, for heile …