Månad: april 2013

Top Chef frå Skiftun

  Her er link til episode 9 av Fransk Top Chef på Skiftun Fiskemottak: enda mer av samme episode enda ein småsnutt Frå fiskemottaket      

Hjartestartar-kurs

Den 24 mai blir det kurs i bruk av hjartestartaren kl. 19 til 22.00 i Trivselståvå. Sven Harald Nielsen fra Suldal Røde Kors held kurset. Kurset er ope for alle og du treng ikkje melde deg på. Arr. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag, v/ Svanhild Hjorteland tlf 404 39 085  

Kjøp avis !!

I år lagar vi Jøsnesposten for 30. gang. Den er klar før 17. mai, storskule elevane kjem på dørene på Jøsneset og Jøsenfjorden og selg den. I salg og på Mixen.  Publisert av elevane i storskulen

Kunstutstilling på Jøsneset skule

Kunstutstilling på Jøsneset skule 8.mai kl 16.00 – 17.00 i Gymsalen Jøsneset skule.Kunsten er laga av Storskulen. Inngangspris kr 20,-Det blir servert kaffe, saft og kjeks. Alle er velkomne, store og små !

Fellestur til Ramsfjell

Hjelmeland Turlag arrangerer fellestur til Ramsfjell på søndag, 5.mai saman med kjendtmann Jon Dale. Det var eigentleg planlagd tur over heia frå Natland til Dale, men pga snø i heia må ruta leggjast om. Turen går oppom alle dei tre flotte Ramsfjell-gardane. Sjå plakaten HER.

Sein og kald vår

Siste søndag i april 2013: 5 grader, regn og sur vind. Lurar du på korleis været var i fjor? Siste søndag i april 2012: «ein vårdag av ypperste klasse; som skapt for topptur». Les om toppturen 28 april 2012 HER. God inspirasjon til årets Hardhaus òg.

Det ryktes…..

…..om at Jøsnesposten er under produksjon. Elevane på Jøsneset skule arbeidar for tida iherdig som journalistar, og er mellom anna observert ute på vegen for å intervjua «5 på vegen». Kva anna de har av godstoff veit me lite om. Følg med folkens. Den pleie koma i salg i midten av mai ! Vårens høgdepunkt

Hjertemarsj

Hjertemarsj for alle! Oppmøte på Foss kl. 16.00 onsdag 1.mai. Derfrå blir det fellestur til Håvehammar. Arr. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag  

Korkveld i Jøsenfjorden

Mannskoret «Gullgutane» frå Nesflaten og kyrkjekoret frå Hjelmeland møtes «på midten», nemleg i Fjordahuset i Jøsenfjorden tysdag 23.04 kl 19.30 til felles korkveld !! . Frå Fjorden melder de at ALLE er hjarteleg velkomneSå la lemming vere lemming, hiv deg på ! Me tippe taket kjeme til å lette av godsong  i fjorden denne kvelden

Hagekveld i Trivselstova

«Ut i min hage» v/ Henry Tendeles 25.april kl 19.00. Han viser bilder og fortel om sin hage. Her får du mange gode hagetips. Kaffe/kaker og åresalg. Arr: Hjelmeland Hagelag og Jøsneset Helselag. Plakaten finn du HER

Helsebading

Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. april Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30 Vaksne kl. 18.30-19.30 Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born. Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.

Jippi !! Nye leikeapparat !!

Fredag 12 april tromma foreldregruppa på Jøsneset skule og barnehage inn til skikkeleg KAKEFEST !! Det måtte feirast at dei nye leikeapparata blei ferdigmontert denne dagen ! Alle barna, besteforeldre og bygdefolk var invitert på kakefest, saman med gjengen frå Teknisk seksjon som avslutta monteringsarbeidet denne dagen. Det blei orntlig åpning med snorklipping av elevrådsrepresentantane Tania …

Nyrydda sti til Håvehammar

Den såkalla «Knudastien» mellom Tonå og Håvehammar er nyleg blitt rydda kjempeflott!  Tidlegare var her masse høg lyng som vaks inn i stien, og det var basete og uoversiktleg å gå der. Det er grunneigar Elisabet Førre som har rydda så fint: kutta vekk masse lyng og einer på begge sider av stien; og nå …

Full pott i hjortejakta

Hausten 2012 blei det felt 50 hjortar, som er 100% av kvota! Jakttida for hjort var forlenga fram til 23. desember, og jegrane på Jøsneset nytta tida godt. Det blei nok lekkert viltkjøt til mang ein festmiddag! Av dei 50 felte dyra var det 9 vaksne bukkar, 7 spissbukkar og 15 hind. Nærmare halvdelen av dyra, 19 …

Aprilhimmel

Så vakker ein vårkveld. Me burde berre springa ute å nyta det – eller kva folkens !!  

Ope politisk debattmøte

Det var Hjelmeland KrF som tok reisa over fjorden, og inviterte  til open debatt om det som måtte oppta oss her på nordsida. Det blei mest debatt om framtidig skulestruktur. Det vil skje drastiske endringar både i omsorg-og oppvekstsektoren i framtida pga naudsynte innsparingar i kommunen. Jøsneset skule kan stå for hogg! KrF gruppa har …

Nytt styre Jøsneset Ungdomslag

Palmelaurdag 23.mars hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Sjå referat HER. Det blei ein del utskifting i styret: Det nye styret er nå: Jon Brandal og Dag Rosså (attvald), Lene Kaldheim, Sondre Fosså og Frode Tjeltveit (nye). Styret konstituerer seg og vel leiar på første styremøte. Vara: Ian Bouzane og Joar Rosså. Når det gjeld …

Sjekk TV2 Nyhetskanalen i dag

Gjekk du glipp av Lørdagsmagasinet i TV2 i går, med innslag frå SKIFTUN ?Du har fleire sjansar i dag: går i reprise på TV2 Nyhetskanalen kl 13.35, kl 17.30 og kl 21.40