Månad: mars 2013

Påmelding til Påskefest

 Lise Tjeltveit  97531845 og Jon Brandal 47324805 tar nå imot påmeldingar til årets påskefest m/lokalrevy som finn stad i gymsalen Jøsneset på Påskeafta ! Meir info kjem når alle detaljar er på plass….finpussen blir gjort i helga.

Ope politisk møte – Jøsneset.

Hjelmeland KrF si kommunestyregruppe skal ha ope gruppemøte her på Jøsneset mandag 8.april kl 18.30 i Trivselstova. Gruppemøtet er ope for ALLE, uansett kva du stemmer eller kva parti du høyrer til i. Då kan du kome å seie kva du meiner om det som skjer i kommunen nå; med td endringar i skulestruktur og …

Støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon

Tirsdag 19. mars mellom kl 16.15 og 19.00 får du besøk av ein av årets konfirmantar. Dei har sagt seg villige til å gå rundt i bygda med bøssene til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon «Sammen forAndre». Ta godt imot bøssebærarane. Info om fasteaksjonen finn du HER

Framtida til Jøsneset skule?

Som kjendt er Hjelmeland kommune midt inne i eit stort omstillingsprosjekt, og det er vedteke at det skal gjerast store innsparingar i drift; melllom anna i oppvekstsektoren. Dette betyr at skulestruturen slik den er idag, med svært stor sannsynlegheit blir endra.  Det er skissert 9 ulike alternativ, som nå skal utgreiast nærare. Dei 9 alternativa finn du …

Spelemann til Påskefesten!

Denne musikaren er desverre fullbooka heile påsken…….MEN folkensdette går likevel mot ein lykkeleg slutt for Påskeaftens-svingomen…..for me har ei gledeleg nyheit!   Les meir nedanfor: Fordi : THE ONE AND ONLY JOSÈ ALTAMIRANO kan spele likevel. Josè har snudd og vendt, og rydda og sopt i speleplanen sin …..som jo faktisk VAR fullbooka for lenge sidan….og …

PRESSEMELDING SKIFTUDAL OPEN 2013

Me har mottatt denne PRESSEMELDINGA FRÅ SKIFTUDAL OPEN.

Kun 3 veker igjen !

…….rykter ser ut til å ha nådd Stavanger by….send oss bilde om du skulle kome over «ryktet» andre stader òg !

Isen bryt – det vårast

Denne vinteren har det vore usedvanleg mykje is i fjorden; og ein populær aktivitet for nokre veker sidan var å gå på skeiser frå Hauga til Førrebotn på den tjukke isen inn fjorden. Det er fleire tiår sidan det har vore mogleg. Men nå slepp isen….og det vårast. Slik såg det ut i Nesvik båthamn …

Komlekos

Me trur de gleda seg like mykje; både komlekokkane og komlegjestene. For den årlege felles middagen mellom skuleelevane (som lagar middagen) og eldretreffen (som er inviterte gjester) er eit svært populært og koseleg treffpunkt.Ein gong i året består nemlig mat-og helse-oppgåva til storskuleelevane å lage og servere middag til eldretreffen. Og i år var det …

Spanande trofèfiske i fjorden

Ei fotohelsing frå sportsfiskar Øystein Davidsen frå Egersund, som sist fredag var inne i Jøsenfjorden og heldt foredrag om store, sjeldne trofèfiskar.  Bildet er av hans sønn(13) første gong dei var på fisketur i Jøsenfjorden. Om de drog i land ein sværing denne gongen vites ikkje. Men Davidsen er ein svært erfaren og entusiastisk sportsfiskar …

Årsmøte i Ungdomslaget

Jøsneset Ungdomslag kallar inn til Årsmøte laurdag 23.mars kl 17.00 i Trivselstova. Innkallinga og årsmeldinga finn du HER

www.josneset i ny design

www.josneset framstår nå i litt ny drakt – ein lys og lett vårdrakt, kan me kanskje kalle det. Me har nå fått ein såkalla responsiv design ! Dette betyr at sida vår nå er meir tilpassa smarttelefonar, nettbrett oa.  Denne tilpassinga er viktig fordi stadig aukande besøkstal til nettstader kjem frå slike innretningar – og …

Kongens fortjenestemedalje til Skiftun

Rundt nyttårstider blei den utflytta Jøsnesbuen og soknepresten i Kvinesdal Leif Gunnar Skiftun heidra av sjølvaste HM Kong Harald – for då fekk han utdelt Kongens fortjenestemedalje i sølv av ordføraren i Kvinesdal. Ein glad og takksam Skiftun, som òg blei kåra som årets kvindøl i 2011, var heilt uvitande om denne høgthengjande heideren då …

Set av Påskeafta….

….det ryktast at det er både Påskerevy og Påskedans er på gang !! Josè prøvde å rigge plass i timelista si, men det gjekk desverre ikkje å få han i år.- så Ungdomslaget etterlyser ein som kan dra i gong nokre låtar på gitaren utpå kvelden – hadde vore kjekt med nokre kjende schlagers som folk kan …

Turtips Nesdalsfjellet

Fullmåne om natta og «fullsol» om dagen – slikt vær insprirerer til turgåing – her frå Nesdalsfjellet, med flott utsikt ut over heile den vide Ombofjorden. Det er satt opp kvile-benk på turposten på Nesdalsfjellet nå – så nå når sola varmer er dette ein flott stad å nyte livet og utsikten. Benken er ein …

Trofèfiskekveld

Likar du å hale svære fiskebeist opp av fjorden? Eller kanskje du likar å høyre om andre som gjer det? Då er Fjordahuset i Jøsenfjorden staden for deg nå på fredag kl 19.30. Plakaten finn du HER. Då blir det spanande fiskehistorier og idèmyldring om korleis fjorden kan nyttast innan turisme og sportsfiske —eller andre …

«A beautiful day»

Denne veka kan me nynne med i lag med U2 på «Its a beautiful day» – for det er det verkeleg desse flotte vinterdagane. Sol, stille og nydeleg utsiktar mot snøkledde fjell samstundes som enkelte små vårteikn dukkar opp. Utsikten her er frå Knutsvik – eit flott blikk mot Nedstrand. Foto tatt av Paula Watkins …

Betaling for SMSvarsling

Det er sikkert mange av dykk som har SMS-varsling frå Norled ved driftsavvik på ferjesambanda. Dette har hittil vore ei gratisteneste, men i følgje NORLED er den tid forbi. Du må nå betale kr 1,- pr SMS varsel du mottar. I Strandbuen står det kr 2,- men me kan vel kanskje rekne med at det …