Dag: 20. mars 2013

RiksvegRiddarane trør til igjen

 Alle huskar vel den festlege «landplaga» frå Suldal Billag for eit par år sidan: «Me kjører buss». Nå er dei her igjen!! Heile gjengen trør til igjen med slagaren «RiksvegRiddarane» Trykk på fotoet, eller HER, og høyr den flotte musikkvideoen frå Suldal Billag….og ser du nøye etter, så ser du ein og annan lokal skulebuss-sjåfør …

Påsken på MIXn Nauste

Cesilie på MIXn Nauste melder at dei har opent kvar dag i påsken frå kl 10.00 – 21.00 f.o.m palmefredag 22.mars t.o.m 2.påskedag 1.april …..så løp og kjøp

Påmelding til Påskefest

 Lise Tjeltveit  97531845 og Jon Brandal 47324805 tar nå imot påmeldingar til årets påskefest m/lokalrevy som finn stad i gymsalen Jøsneset på Påskeafta ! Meir info kjem når alle detaljar er på plass….finpussen blir gjort i helga.

Ope politisk møte – Jøsneset.

Hjelmeland KrF si kommunestyregruppe skal ha ope gruppemøte her på Jøsneset mandag 8.april kl 18.30 i Trivselstova. Gruppemøtet er ope for ALLE, uansett kva du stemmer eller kva parti du høyrer til i. Då kan du kome å seie kva du meiner om det som skjer i kommunen nå; med td endringar i skulestruktur og …