www.josneset i ny design

www.josneset framstår nå i litt ny drakt – ein lys og lett vårdrakt, kan me kanskje kalle det. Me har nå fått ein såkalla responsiv design ! Dette betyr at sida vår nå er meir tilpassa smarttelefonar, nettbrett oa.  Denne tilpassinga er viktig fordi stadig aukande besøkstal til nettstader kjem frå slike innretningar – og dette berre aukar. Då er det kjekt at sida vår funker bra til slik bruk òg.

Me har òg fått tilbake den etterlengra KALENDEREN i høgremenyen. Så nå kan du melde inn møter, arrangement oa. som skjer til oss, så blir det lagt inn i kalenderen som ein «event».

Det er òg gjort ein oppgradering av vårt publiseringssystem til siste sikkerheitsgradering. Dette kjem ikkje dykk brukarar direkte til gode, men er svært viktig for at sida vår skal fungere teknisk og sikkerheitsmessig.

Det er kommunikasjonssverksemda NORSK PLAN på Sand, der me har ein fast supportavtale, som har utført dette arbeidet for oss.

Me håpar du likar utsjånaden på den nye sida. Me vil òg prøve å få tid til noko generell opprydding i gammalt stoff på sida i næraste framtid.

Meld gjerne ifrå om korleis du likar sida vår til ungdomslaget@josneset.no; helselaget@josneset.no eller bygdaradet@josneset.no og send oss gjerne tips til stoff og informasjon.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.