Turtips Nesdalsfjellet

Fullmåne om natta og «fullsol» om dagen – slikt vær insprirerer til turgåing – her frå Nesdalsfjellet, med flott utsikt ut over heile den vide Ombofjorden. Det er satt opp kvile-benk på turposten på Nesdalsfjellet nå – så nå når sola varmer er dette ein flott stad å nyte livet og utsikten. Benken er ein del av bulyst-prosjektet som Bygdarådet og Helselaget er med i. Foto og turtips: Ellen Mari Fosså. Fleire turtips i bygda finn du under fana Turstiar på Jøsneset.

 

 

Det var besøk på fleire av turpostane i bygda i dag….ein turgåar besøkte både Tausanibbå og NordaHøgaste idag: her gjekk det an å gå til fots då snøen var nokså hard, og enklete stader noko «avblåst». Fosstemmen fekk òg besøk; òg her er det greitt å gå til fots på den harde snøen i harde traktorspor på skogsvegen. Og ein sprek turgåar var både på Gunlanuten og Røssenibben på ski i dag – han meldte om hardt og vanskeleg føre: greitt å gå opp, men vanskeleg «utfor-føre» : hardt, isete, og snøen er blåst opp i harde «bølger» – så du må vere litt «stabeist» om du vil dit akkurat nå.

Har du vore på tur?? Anten på turpost – eller ein helt anna stad? Send oss din «rapport» og veldig kjekt med foto ungdomslaget@josneset.no


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.