Likar du å hale svære fiskebeist opp av fjorden? Eller kanskje du likar å høyre om andre som gjer det? Då er Fjordahuset i Jøsenfjorden staden for deg nå på fredag kl 19.30. Plakaten finn du HER. Då blir det spanande fiskehistorier og idèmyldring om korleis fjorden kan nyttast innan turisme og sportsfiske —eller andre ting. Møt «trofè-fiskar» Øystein Davidsen og Hjelmeland Vekst. Treng du inspirasjon? Les om då Helge Hjorteland og Jone Laugland fiska eit beist av ein breiflabb, sjå her på JONEBLOGGEN. Har du….
….dratt ein stor fisk, ein rar fisk ein sjeldan fisk opp av fjorden?? Send oss di historie og ditt bilde til ungdomslaget@josneset.no
De huskar vel sølvkveita??
Den drog ein fiskar opp av fjorden og frakta den inn til Fiskmottaket for eit par år sidan.
Ein sjeldan djupvannsfisk…….kanskje det fins enda fleire sjeldne fisk i fjordane våre ??
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.