Dag: 4. mars 2013

Årsmøte i Ungdomslaget

Jøsneset Ungdomslag kallar inn til Årsmøte laurdag 23.mars kl 17.00 i Trivselstova. Innkallinga og årsmeldinga finn du HER

www.josneset i ny design

www.josneset framstår nå i litt ny drakt – ein lys og lett vårdrakt, kan me kanskje kalle det. Me har nå fått ein såkalla responsiv design ! Dette betyr at sida vår nå er meir tilpassa smarttelefonar, nettbrett oa.  Denne tilpassinga er viktig fordi stadig aukande besøkstal til nettstader kjem frå slike innretningar – og …

Kongens fortjenestemedalje til Skiftun

Rundt nyttårstider blei den utflytta Jøsnesbuen og soknepresten i Kvinesdal Leif Gunnar Skiftun heidra av sjølvaste HM Kong Harald – for då fekk han utdelt Kongens fortjenestemedalje i sølv av ordføraren i Kvinesdal. Ein glad og takksam Skiftun, som òg blei kåra som årets kvindøl i 2011, var heilt uvitande om denne høgthengjande heideren då …

Set av Påskeafta….

….det ryktast at det er både Påskerevy og Påskedans er på gang !! Josè prøvde å rigge plass i timelista si, men det gjekk desverre ikkje å få han i år.- så Ungdomslaget etterlyser ein som kan dra i gong nokre låtar på gitaren utpå kvelden – hadde vore kjekt med nokre kjende schlagers som folk kan …

Turtips Nesdalsfjellet

Fullmåne om natta og «fullsol» om dagen – slikt vær insprirerer til turgåing – her frå Nesdalsfjellet, med flott utsikt ut over heile den vide Ombofjorden. Det er satt opp kvile-benk på turposten på Nesdalsfjellet nå – så nå når sola varmer er dette ein flott stad å nyte livet og utsikten. Benken er ein …

Trofèfiskekveld

Likar du å hale svære fiskebeist opp av fjorden? Eller kanskje du likar å høyre om andre som gjer det? Då er Fjordahuset i Jøsenfjorden staden for deg nå på fredag kl 19.30. Plakaten finn du HER. Då blir det spanande fiskehistorier og idèmyldring om korleis fjorden kan nyttast innan turisme og sportsfiske —eller andre …

«A beautiful day»

Denne veka kan me nynne med i lag med U2 på «Its a beautiful day» – for det er det verkeleg desse flotte vinterdagane. Sol, stille og nydeleg utsiktar mot snøkledde fjell samstundes som enkelte små vårteikn dukkar opp. Utsikten her er frå Knutsvik – eit flott blikk mot Nedstrand. Foto tatt av Paula Watkins …

Betaling for SMSvarsling

Det er sikkert mange av dykk som har SMS-varsling frå Norled ved driftsavvik på ferjesambanda. Dette har hittil vore ei gratisteneste, men i følgje NORLED er den tid forbi. Du må nå betale kr 1,- pr SMS varsel du mottar. I Strandbuen står det kr 2,- men me kan vel kanskje rekne med at det …